Fagbladet
30.05.2022
Heimekontor har vore minst like produktivt som å dra på kontoret, viser studie. Forskarar og Fagforbundet-tillitsvalde er einige om kva som må på plass om heimekontoret skal fungere optimalt etter pandemien.
F orskarar ved Oslo Met har studert korleis heimekontor har fungert under pandemien:
- Vi har ikkje sett noko produktivitetstap, heller det motsette, fortel forskar Mari Holm Ingelsrud. Ho og kollegaene har ho spurt over 5000 på heimekontor om erfaringane. Forskarteamet har også intervjua ei rekkje leiarar, tillitsvalde og verneombod om korleis heimekontor har fungert. I slutten av april kom rapporten «Hjemme-Borte-Uavgjort».
TRUR PÅ HYBRIDLØYSING
Er det noko poeng med heimekontor etter pandemien? Og i så fall: Kor ofte skal me kunne jobbe heime? Det blir diskutert på mange arbeidsplassar no. Funna frå Oslo Met viser at sju av ti ønsker å ha moglegheita til to heimekontordagar i veka.
Fagforbundet har gjort ei spørjeundersøking med rundt 1000 medlemmar i Nordland og Trøndelag. Janne Wik, leiar for Yrkesseksjon kontor og administrasjon i Trøndelag, har trua på heimekontor:
- Det å ha ein dag eller to på heimekontor er fornuftig. Det å kunne få ned stressnivået. Har du mange oppgåver kan du sitte i ro og fred. Har
Gå til mediet- Vi har ikkje sett noko produktivitetstap, heller det motsette, fortel forskar Mari Holm Ingelsrud. Ho og kollegaene har ho spurt over 5000 på heimekontor om erfaringane. Forskarteamet har også intervjua ei rekkje leiarar, tillitsvalde og verneombod om korleis heimekontor har fungert. I slutten av april kom rapporten «Hjemme-Borte-Uavgjort».