Magasinet for fagorganiserte
29.04.2020
Korona-krisa kan føre til enda større mangel på fagarbeidarar. No treng lærlingane hjelp til å komme seg gjennom læretida, meiner Fellesforbundet.
- Eg klarer meg, har låg husleige og moglegheit til å flytte heim. Ikkje alle har det, seier Joakim Brosø (26).
Han er kokkelærling på Hotel Bristol i Oslo. Garnityr-stasjonen i restauranten er no bytta ut med kjøkkenbenken heime.
I slutten av mars vart han permittert etter at korona-krisa gjorde at folk slutta å bu på hotell og ete på restaurant.
No øver vaksenlærlingen på arbeidsoppgåvene heime i staden.
- Til å begynne med gjorde eg lite, men skjønte etter kvart at ein må halde seg aktiv, seier han.
SIKRA INNTEKT
Å søke stønad frå Nav var ei ny oppleving, fortel Brosø som har fått innvilga dagpengesøknaden.
I starten av april kom dei nye dagpenge-reglane for lærlingar, etter vedtak frå Stortinget.
Dagpengane er 100 prosent av lønna opp til omtrent 12.500 kroner i månaden, og 62,4 prosent av lønna over denne grensa. Grunnlaget er lønn
Les opprinnelig artikkelHan er kokkelærling på Hotel Bristol i Oslo. Garnityr-stasjonen i restauranten er no bytta ut med kjøkkenbenken heime.