Fagbladet
16.07.2018
Ein israelsk dom pålegg israelske myndigheiter å konfiskere og selje den norske hjelpebåten som er på veg til Gaza. - Absurd, seier Ship to Gaza Norway.
Båten «Kårstein» er no i Palermo, på veg til Gaza for å bryte den israelske maritime blokaden. Den er lasta med medisinsk utstyr til innbyggarane. Båten segla frå Norge med støtte frå norsk fagrørsle og fleire LO-forbund.
Les merNo har ein israelsk domstol bestemt at myndigheitene skal konfiskere den norske båten, saman med den svenske båten «Freedom».
Vil gi pengene til terrorofre
Båtane skal seljast og pengane bli gitt til israelske terrorofre som kompensasjon, skriv israelske Jerusalem Post om dommen som vart avsagd 11. juli. Båtane er verdt mellom 700.000 og 1.500.000 norske kroner, ifølge avisa.
- Det er typisk at dei prøver all verdas, absurde juridiske grunnlag for å prøve å stoppe oss, seier Torstein Dahle, leiar for Ship to Gaza, organisasjonen bak det norske bidraget t


































































































