Bengaluru/India Nyleg vart Rodeo tildelt middel frå Arkitektur ut i verden-programmet, ein velkommen moglegheit for oss å ekspandere satsinga vår i utlandet. Ekstra spennande var det at me fekk stønad for å ikkje fokusere på arkitektur. Årsaka til stønaden er det geografiske fokuset Rodeo har på austre- og sørlege Afrika, og no Asia, og den tverrfaglege tilnærminga vår til strategisk byutvikling.
Men kva tyder no det? Det nyaste samarbeidet vårt i Bengaluru i India er eit godt døme på korleis ei tverrfagleg tilnærming til byar og arkitektur, utan å teikna arkitektur, kan bidra til å få til varige, berekraftige løysingar. Dette er ikkje nye tankar, men i Bengaluru ser me konturane av utfordringar i ein skala som vi ikkje har jobba i tidlegare.
Dei indiske partnarane våre i Sensing Local inviterte oss med på eit svært interessant prosjekt som i utgangspunktet handla om å reinsa og rusta opp Varthur