AddToAny

Ingen kantar å telje

Ingen kantar å telje
Dei uavhengige forskarane slepp sjefar og publiseringspress, men unngår ikkje pengejaget.
V årsol blenkjer i bakkane i kystkommunen Askvoll i Sogn og Fjordane. Sundet er blikkstilt. Historikaren Gaute Losnegård viser rundt i kontorhjørnet han leiger i eit næringsbygg i Askvoll sentrum. For tida held han på å ferdigstille bind 2 av eit allmennhistorisk verk om Flora.

- Historiefaget har tradisjonelt ikkje hatt så tette skott mellom historikarane ved universiteta og høgskulane, frilansarane og amatørane. Mange skriv historiebøker utan å ha utdanning. Det trur eg er bra. Det viser at mange ser på det som noko som er viktig i kvardagen deira. Humaniora treng denne samfunnsrelevansen, seier han.

I Oslo har Anne Rose Røsbak Feragen gjort ein utflukt frå heimekontoret for å fortelje om arbeidsdagane som sjølvstendig filosof. Først og fremst lagar ho filosofikurs for arbeidslivet, og har akkurat fått anteke ein vitskapleg artikkel om korleis helsepersonell kan ha nytte av filosofi i arbeidssituasjonen.

- Eg trur det er viktig for filosofifaget at slike som eg finst. Det gjev faget legitimitet og relevans, og viser at det ikkje berre er ein akademisk disiplin som privilegerte menneske kan ha glede av å dykke ned i. Eg trur faget har verdi for oss som menneske, og at det står sterkare når det blir teke i bruk, seier ho.

På ein ungdomsskule i Mandal jobbar Magne Høyberget fulle dagar som naturfaglærar. I fritida er han ute og leitar etter fossil, eller han sit i laboratoriet heime eller på Naturhistorisk museum i Oslo i time etter time og preparerer funna sine under stereomikroskopet. Når han finn noko som er interessant, noko som fyller eit hol i kunnskapsmuren, blir det gjerne ein vitskapleg artikkel av det.

- Universitetsmusea er ramma av nedskjeringar. Eg har inntrykk av at det same gjeld mange vitskaplege aktivitetar som ikkje produserer pengar, og då er det jo mindre som kan bli gjort. Men noko kan gjerast på frivillig basis av slike som meg, seier han.

Dei tre arbeider systematisk for å få fram ny kunnskap, altså det vi kallar forsking - men utan å vere tilsette ved ein forskingsinstitusjon. Kva driv dei?



Styrer tida og skrivinga Losnegård tek ein pause frå informasjonssøket i gamle Sunnfjord-aviser og inviterer på kaffi på lunsjrommet.

- Eg styrer tida mi sjølv, og vil eg til dømes reise ein stad i jobbsamanheng, er eg min eigen sjef, seier han.

Han er utdanna lærar og historikar og driv AS-et Vestnorsk oppdragshistorie i lag med ein kollega i Bergen. Han har vore frilansar sidan han var ferdig med hovudfaget i historie ved UiB, og får hovudinntekta si frå bygdebøker. Han fekk dei første oppdraga på tampen av hovudfaget og oppdaga at allmennhistorie var ein sjanger som passa han.

- Historiefaget er kanskje det som er mest retta mot allmenne lesarar. Eg jobbar mest med allmennhistorie om lokalsamfunn. Det er ein lite definert sjanger, så eg står ofte ganske fritt, fortel han.

I tillegg til lokalhistorie skriv han historiske bøker baserte på eigne idear eller idear han utviklar i samarbeid med eit forlag. Han har også skrive i lag med historikarar ved universitet eller høgskular, men tykkjer mykje av forskinga ved institusjonane er snevert innretta.

- Eg lurer ofte på kven dei skriv for. Skal ein berre skrive for kollegaer, mister vi mykje av verdien. Eg er glad eg slepp å tenkje på å produsere for teljekantsystemet. Det verkar på meg som om det stressar folk, sei
Gå til mediet

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt