Sykepleien
25.06.2023
Finst «den fødde sjukepleiaren»? Etter mi meining handlar det mindre om kva utgangspunktet personen har og meir om kva dei sitt att med etter fullført utdanning, skriv stipendiat Cathrine S. Natterøy.
Det er ei oppfatning hjå enkelte innan sjukepleiefaget at ein lyt ha visse eigenskapar om ein skal eigna seg som sjukepleiar, som ein kan finne att i utsegn som å vera «den fødde sjukepleiar».
Les merEg vart ikkje fødd til å bli sjukepleiar. Eg hadde inga erfaring frå helse og omsorgssektoren ved oppstart av utdanninga. Dermed opplevde eg eit realitetssjokk då eg kom i første sjukeheimspraksis. Eg opplevde å få gamle, nakne kroppar altfor tett på. Det var ikkje noko spesielt imponerande over det eg presterte i starten. Eg behøvde tid. Etter kvart utvikla eg meg og fekk dreisen på det. Ikkje berre det praktiske, men også det å omgå pasientar på ein naturleg måte. Eg lærde meg det.
Personlege eigenskapar
I fleire land vert personlege eigenskapar vurdert før opptak til sjukepleiarstudiet. Dette for å finne dei kandidatane med dei rette verdiane og personlege eigenskapane som er viktige i y


































































































