Khrono
24.06.2023
Han mista den daglege kontakten med forskingsmiljøet, og laga seg ei liste med spørsmål før han tok kontakt med rettleiarane. Alf André Orvik vart pandemistipendiat.
- Kvifor vart det doktorgrad om akkurat dette emnet?
Les mer- Eg er geolog med mastergrad i berggrunns- og ressursgeologi, og var veldig bestemt på at eg ville ta doktorgrad. Emnet var litt tilfeldig, og prosjektet endra seg òg i løpet av det første året. Norges geologiske undersøkelse (NGU) hadde eit prosjekt, og eg fekk rettleiing der.
- Kan du presentera prosjektet i korte trekk?
- Eg har sett på magmatisk utvikling i grønsteinsbeltet i Karasjok. Magma er det som vert skapt langt nede i grunnen, ein vulkan er på toppen, men eg har sett på korleis magmaen bevegar seg i skorpa opp mot overflata. I slike strøymingssystem er det ofte eit potensial for ulike metall. Her har industrien vore og leita etter


































































































