- Eg hadde jobb ved Høgskulen i Volda, og var så heldig at eg vart invitert inn i eit større forskingsprosjekt. Det handla om handskrift og digitale verktøy, og hadde fleire stipendiatar knytt til seg. Høgskulen har samarbeidd med Universitetet i Stavanger, og det er ved UiS eg har vore stipendiat.
- Kan du presentera prosjektet ditt i korte trekk?
- Eg har forska på om det å læra å skriva med blyant eller nettbrett verkar inn på elevane si tekstskriving. Eg har sett både på kor fort dei lærer å skriva forteljing og på kor gode og lange tekstane er. Eg har brukt data frå 18 førsteklassar. Den første teksten eg har sett på skreiv dei i november, og så har dei skrive fire tekstar til. Eg har brukt data frå tre ulike typar klasserom: Dei som fø


































































































