27-åringen arbeidde først fire år som vikar og tilkallingsvakt før ho i 2012 fekk ein 70 prosent fast stilling. No i september gjekk ho opp til 82 prosent.
- Eg har hus og gjeld og må arbeide 100 prosent for å klare meg, seier ho.
No er økonomien tryggare. Og ho er friare.
Anja er ein av 34 tilsette i Sandfjæra barnehage i Malvik kommune i Sør-Trøndelag. Fire av dei har fått større stilling gjennom samarbeidet for heiltidskultur mellom Fagforbundet og kommunen.
Fleire tiltak for auka stilling
Line Johnsen, leiar i Fagforbundet Malvik, brenn for heiltidskultur og for heile, faste stillingar.
- Vi nyttar ofte arbeidsmiljølovas paragraf 14-4 for å få auka stillingar, fortel ho.
Det var den paragrafen som også hjelpte Anja. (Sjå faktaboks.)
Ein annan moglegheit for auka stilling er å slå saman to små stillingar til ein. To tilsette har fått heil stilling på den måten. To andre har fått heil stilling ved å skifte arbeidsplass.
Inga enkel løysing
Line Johnsen seier det er svært vanskeleg å skaffe full stilling til alle, særleg i pleie- og omsorgssektoren. Ikkje nok med at helgearbeid er ei utfordring. I Malvik har dei eit ekstraproblem fordi kommunen i mange år har nytta korte vakter.
- Ei anna side ved saka er at mange tilsette ikkje kan eller vil