AddToAny

Hotell i særklasse

Klimakrisa har revitalisert nattoget. Nå ropar dei reisande på interiørarkitektar som kan skapa framtidas reiser med innovative sovevogner.
Stavanger stasjon ein gong i 1950-åra: Skipsreiar Kaspar Nilsen skulle til Oslo på eit møte. Då han fann rett seng i trekøyskupeen, skjedde noko heilt utenkjeleg i dei kvasst kjønnsstilt øvste køye i same kupé som Nilsen, viste seg å vera ei kvinne. Majoren var nemleg ingen vanleg major, men ei ildsjel i Frelsesarmeen. Nå stod majoren sjokkert i kupédøropninga, saman med Kaspar Nilsen og konduktøren, som ennå ikkje visste at nattoget er sjølve framtida. Seksti år seinare vil stadig fleire dela kupé med alle typar folk.

Sakte søvn i høg fart

Før luftfarten overtok marknaden, var nattoget førstevalet for forretningsreisande. Interiørarkitekturen i sovevognene skulle harmonera høg fart og sakte søvn. «Det var sofarygger som ble til senger, det var vaskeservanter og skriveklaffer som kom ut av veggen, klappseter inne i kupeene og i korridorene i sovevognene,» skriv interiørarkitekt og tidlegare designsjef i NSB, Iacob Heiberg. Sovekupeen blei ein nesten mytisk stad i litteraturen. Det var for eksempel der ein svært bekymra Mr. Ratchett blei myrda, i nabokupeen til Hercule Poirot. Agatha Christie si berømte bok om «Mord på Orientekspressen» (1934) var direkte inspirert av då krimforfattaren sjølv tok toget mellom Istanbul og London i 1928.

Mangelvara sovevogn

Men dagens nattogtilbod er prega av ei kjensle av at nattog er noko Noreg eigentleg ikkje driv med. Og eigentleg gjer ikkje Noreg det. Det går berre 20 norske sovevogner av typen WLAB-2 på norske togskinner. Kvar vogn har 30 soveplassar fordelt på 15 kupear, utgjer 600 soveplassar, eller 0,0001 soveplass per innbyggjar. Men i praksis er det halvparten, sidan det ikkje er mogleg å berre bestilla ei seng, slik major Andresen kunne på femtitalet. Derfor går sovekupeane som varmt kveitebrød, til stor frustrasjon for dei over 5000 medlemmene i Facebook-gruppa «Dele kupé NSB». Mangelen på soveplassar har dessutan skapt mildt raseri blant ei raskt veksande gruppe: forretningsreisande med flyskam og betalingsvilje. Flyet har eit stort imageproblem som dagens direktørar ikkje kan identifisera seg med. Moderne forretningsfolk gidd ikkje koka kloden kvar gong dei skal på eit møte utanbys.

Morgonfjes på Oslo S

Næringslivets nattoginitiativ Bergen-Oslo-Bergen består av over tusen arkitektar, styreleiarar, ingeniørar, konsernsjefar og andre som vil komma til Oslo S med morgontryne klokka 06.13. For sidan Bergensbanen har vore ute på anbod, og Samferdsledirektoratet snart skal bestemma seg for operatør, har nattoginitiativet ei rekkje designkrav som skal styrka tilbodet.

Siren Sundland er konserndirektør i Sparebanken Vest og ein av initiativtakarane til Næringslivets nattoginitiativ. Nå snakkar ho om nattog-interiør blant byoriginalane på Bergen stasjon. Sundland kallar det «tidenes designutfordring».

Ildsjel-produkt for hipster-wannabes

- Min store uro er at dagens tilbod er eigentleg berre eit ildsjel-produkt for hipster-wannabes, seier direktøren.

- Det er smalt?

- Det er grådig smalt fordi det er kombinasjonen låg komfort, utsøkt dårleg service og dyr billett. Det er ikkje så mange som er interesserte i den komboen Kom du hit med nattoget i dag?

- Nei, sovekupeane var utselde.

- fordi det er ei grådig spesiell oppleving når du går om bord i Arna klokka 23.10. Det er som ein dårleg leirskule. Det er ingen assosiasjonar til hotell eller forretningsreise. Nøkkelkortet du får er heilt umogleg å forstå. Det å tenkja dette som ei heil oppleving og heile kundereisa, det er ei mykje viktigare oppgåve enn å berre løysa volumutfordringane, fastheld Sundland.

Ho etterlyser eit heilt nytt interiørdesign Noreg ikkje har sett før.

Ildsjel-produkt for hipster-wannabes

- Min store uro er at dagens tilbod er eigentleg berre eit ildsjel-produkt for hipster-wannabes, seier direktøren.

- Det er smalt?

- Det er grådig smalt fordi det er kombinasjonen låg komfort, utsøkt dårleg service og dyr billett. Det er ikkje så mange som er interesserte i den komboen Kom du hit med nattoget i dag?

- Nei, sovekupeane var utselde.

- fordi det er ei grådig spesiell oppleving når du går om bord i Arna klokka 23.10. Det er som ein dårleg

Les mer

Flere saker fra Arkitektnytt

Torsdag 9. mars vil takbaren på Folketeaterbygningen på Youngstorget i Oslo fylles for å markere en milepæl for norske arkitekturblader. Da feires sammenslåingen av Arkitektur-N og Arkitektnytt til papirmagasinet og nettstedet Arkitektur.
Arkitektnytt 02.03.2023
The Plus, Hasle Tre og Sophie Radich skole nominert til Årets Trebyggeri 2022.
Arkitektnytt 02.03.2023
Ja, jeg er «modernist» - hvis det er den rette betegnelsen for en som lar seg begeistre av god moderne design og arkitektur, skriver arkitekt Kim Skaara.
Arkitektnytt 01.03.2023
Innen 31. mars kan man nominere prosjekter til OAFs arkitekturpris 2023.
Arkitektnytt 01.03.2023
Skal Norske interiørarkitekters og møbeldesigneres landsforening (NIL) favne flere, må styret arbeide med å utvikle en organisasjonskultur som appellerer mer til unge medlemmer.
Arkitektnytt 28.02.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt