AddToAny

Ho har utvikla ein metode for samarbeid mellom forskar og offentlege verksemder: «Dette er verkeleg vegen å gå!»

«Eg snakkar mest oftare med deg enn med mamma!» sa eg til Ann Rita, og me måtte le.
Korleis kan me utvikla kvalitative metodar som legg til rette for gode faglege samarbeid? I denne spalta har eg delt erfaringar med kollektive metodar og arbeidsformer som «kollektiv kvalitativ analyse», «skrivetid» og «skriveseminar». Desse arbeidsformene fokuserer på samarbeid mellom forskarar. Men kva for metodar kan vera eigna for samarbeid mellom forskarar og offentlege verksemder?

I lag med forskarkollegar og samarbeidspartnarar i Tana og Steigen kommunar har eg utvikla ein metode eg har kalla «kvalitativ samtaleserie». Kort fortalt har det gått ut på å organisera faste samtalar mellom ein forskar og kvar og ein av dei kommunale prosjektleiarane. Samtaleserien har hatt to føremål: 1) å støtta prosjektgjennomføringa i kommunane og 2) å produsera forskingsdata. Føremålet med prosjektet er å utvikla praksisar og strukturar i helse- og omsorgstenesta som legg til rette for aktivitet og fellesskap blant eldre.

«Dette er verkeleg vegen å gå! Eg vonar du vil ta det med deg vidare i forskinga di og formidla til andre!» sa Ann Rita - prosjektleiar i Steigen - då me snakka i lag denne veka.

Samtalane har gått føre seg anna kvar eller fjerde kvar veke på telefon eller datamaskin, alt etter behova til den enkelte prosjektleiaren. Dei har fortalt om utviklinga i prosjektarbeidet frå gong til gong, om alt frå hendingar og samhandling i arbeidskvardagen, til refleksjonar om organisasjonen og vurderingar av framdrift og resultat. Forskarane har lytta, stilt spørsmål, formidla kunnskap frå forskingsfeltet og skrive grundige notat frå samtalane.

Samtaleserien har pågått over fleire år og generert eit omfattande datamateriale. Dataa er som ei blanding mellom intervju og feltnotat. Dei gjev eit detaljert innblikk i innovasjonsprosessen frå start til slutt, og inneheld rike skildringar av «feltet», i dette tilfellet kommunens helse- og omsorgssektor.

Mariann Lindi - prosjektleiar i Tana - har fortalt så levande om å skapa sosiale møtestader for eldre i Tana. Dei har steikt blodpannekaker i lavvo, laga kaffibål, reist på båttur i Tanafjorden og arrangert meisterskap i lassokasting. Ho har delt kloke refleksjonar og kunnskap om helse og omsorg i ein samisk kontekst. Kvar gong me skal snakka i lag gler eg meg til å høyra meir, og det er ein motivasjonsfaktor i analyse- og skrivearbeidet.

Slik skikken er når ein møter igjen kjente, har samtalen gjerne starta med eit «korleis går det»? Me har delt litt frå livet og kvardagen og blitt kjende med kvarandre. «Eg snakkar mest oftare med deg enn med mamma!» sa eg til Ann Rita, og me måtte le.

Både forskarar og prosjektleiarar har opplevd samtalane som meiningsfylte, og me har utvikla stor tillit til kvarandre. Dette har styrka kjensla av forplikting og motivasjon i prosjektarbeidet, og lagt til rette for at dei kommunale prosjektleiarane også har teke aktivt del i analyseprosessen.

Data frå dei kvalitative samtaleseriane har me analysert i lag med andre typar kvalitative data, inkludert feltnotat, dokument og kvalitative intervju. Men ettersom mesteparten av det planlagde feltarbeidet gjekk i vasken på grunn av koronapandemien, har data frå den kvalitative samtaleserien blitt særleg sentrale i analysane.

Pandemi eller ikkje, «kvalitativ samtaleserie» er ein metode eg - slik Ann Rita har oppfordra til - tek med meg vidare i livet. Eg har tru på at metoden har verdi og relevans også når feltarbeid og intervju andlet til andlet er mogleg.

Image-text:

Helga(Thoralf Fagertun)

Gå til mediet

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt