I april blei det klart at Tor Inge Hjemdal blir administrerande direktør for Doga i eit 6-årig åremål, etter å ha hatt stillinga på konstituert basis sidan nyttår. Han kjem inn etter ein turbulent periode. Forgjengaren, Trude Gomnæs Ugelstad, gav seg etter berre halvanna år i stillinga. Det er slik sett stille etter stormen på Doga, men også stor spenning i lufta. Kva kan vi vente av Doga med Tor Inge Hjemdal i direktørstolen?
- Eg vil vere ein søkjande, open og lyttande leiar som samstundes held høg fart. Målet er å gripe aktuelle samfunnsutfordringar og gjennomføre relevante prosjekt. Dessutan er eg ein fagperson, og Doga vil nok bli prega av at eg kjem til å involvere meg i fagleg så vel som administrativt arbeid.
Hjemdal har bakgrunn innan arkitektur og urbanisme, med utdanning frå NTNU, Illinois Institute of Technology i Chicago og Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo. I seinare år har han vore fagsjef i NAL (2014-16) og direktør for arkitektur i Doga frå 2016. Men korleis vil denne erfaringa prega Doga framover?
- Det eg tek med meg, er fokuset på å få mest muleg ut av den rolla eg innehar. Eg er ikkje fokusert på å bygge eigen karriere. Eg ynskjer å intensivere og maksimere min eigen innsats, og trur det vil få positive verknader i organisasjonen. I tillegg vil den faglege kompetansen gjere det lettare, trur eg, å bygge intern kommunikasjon og gode arbeidsvilkår. Eg vil påverke horisontalt, gjennom avgjersler som leiar, men ikkje minst vertikalt ved å vere aktiv i faglege diskusjonar.
Men det faglege er berre éi side av saka. Frå utsida har Doga tidvis framstått som nokså kaotisk, med fleire organisatoriske omstillingar og endringar på personalsida. Kva tankar gjer den nye direktøren seg om det som har vore?
- E


































































































