BUSKAP
30.10.2017
Olav Ugulen i Luster kommune i Sogn og Fjordane er ein av seksten produsentar i dette veterinærdistriktet som har fått status som Helsestorfe. Dette betyr at besetninga hans er fri for smittsam diarè og hoste. I tillegg har han tilfredstillande smittesluse for persontrafikk og smittesikker utlasting av dyr. Ekstrabetalinga er 400 kroner per kalv og 1 000 kroner for ei drektig kvige.
Motivasjonen Olav Ugulen har for at besetninga hans skal vera Helsestorfe, er at han oppnår betre pris ved sal av livdyr. Sogn har eit forholdsvis lågt smittepress når det gjeld utbrot av bovint respiratorisk syncytialvirus (BRSV) og bovint coronavirus (BCoV), og det er mange besetningar som har grøn status, eller med andre ord er fri for smittestoff i sine besetningar. På tross av mange med grøn status, er det likevel ikkje så mange med status Helsestorfe, og her ligg eitt stort potensial til forbetringar. - Det er ikkje vanskeleg å oppnå denne statusen når ein er fri for virus, smiler Olav. - Det viktigast
Gå til mediet


































































































