Khrono
29.06.2023
Universitetet i Oslo gir boka «De kaller meg ulven» i gåve til alle førsteårsstudentar på Det humanistiske fakultetet. - Me ønskjer å gi studentane eit sosialt lim, seier prodekan Gunn Enli.
For eit par tiår sidan hadde ein felles referanserammer: «Alle» såg Dynastiet, eller benka seg om tysdagskveldane for å sjå «Friends». Slik er det ikkje lenger. Men no ønskjer Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Oslo (UiO) å gi førsteårsstudentane ein felles referanse. Ved studiestart får alle utdelt romanen «De kaller meg ulven» av Zeshan Shakar.
Les mer- Me ønskjer å skapa eit studiemiljø der ein får eit fellesskap slik ein hadde når alle hadde sett det same TV-programmet. Eit sosialt lim - som ikkje skal handla om alkohol, seier prodekan Gunn Enli til Khrono.
Uniforum har òg skrive om saka.
Læra å lesa lenger tekstar
I fjor gjekk Det humanistiske fakultetet (HF) i gang med prosjektet Hele HF leser, og studentane fekk då Jan Grue sin r


































































































