I fjor haust gjekk Hege Bae Nyholt frå å snakke med ungar på morgonsamling, til å snakke frå Stortinget sin talarstol. No vil ho og Rødt gjere noko med at det er vanskeleg å få vite kva folk tener og har i formue. Fagbladet skreiv nyleg om korleis fleire eigarar av dei største kommersielle barnehagekjedene har tent milliardar. Dette kjem fram i søk i skattelistene.
Leif Martin Kirknes
Vil at du skal få milliard-innsyn
Det har blitt vesentleg mindre søk i skattelistene etter at dei som blir søkt på, får varsel om kven som har søkt. Rødt kjem med forslag om at du igjen skal kunne søke anonymt i skattelistene. I tillegg vil dei du skal kunne få vite mykje meir enn før:
- Det er ikkje full openheit om skatt og dei tala som står der representerer ikkje den ekte inntekta eller formuen. Det er eit demokratisk problem at det