Khrono
16.05.2023
Det var med sorg me tok imot bodskapen om at Hans Jørgen Binningsbø var gått bort 2. mai i år, 75 år gamal.
Hans Jørgen hadde eit langt og godt yrkesliv innan høgare utdanning i Sogn og Fjordane. I alt talar me om over 25 år i leiinga av høgare utdanning i Sogn og Fjordane. Han var kontorsjef ved Sogn og Fjordane distriktshøgskule frå 1986 til 1992, direktør for Det regionale høgskulestyret for Sogn og Fjordane frå 1992 til 1994, direktør for Høgskulen i Sogn og Fjordane frå 1994 til 2007, og nestleiar frå 2007 til 2008. Frå 2008 og fram til han 65 år gamal gjekk av med pensjon sommaren 2012, var Hans Jørgen assisterande rektor.
Les merOrdninga med regionale høgskulestyre var innført i 1976. Kvar region skulle ha eit felles styre for dei høgskulane Stortinget bestemte skulle høyra til ansvarsområdet. I Hans Jørgens tid som direktør for Det regionale høgskulestyret rådde styret over høgskular og fagmiljø i Sogndal, i Førde og på Sandane: Sogndal lærarhøgskule (skipa 1972), Sogn og Fjordane distriktshøgskule (1975), Sogn og Fjordane sjukepleiehøgskule (1979), Høgskuleutdanninga på Sandane (1981), og Sogn og Fjordane ingeniørhøgskule (1988).
Ved den nasjonale høgskulereforma vart dei ulike høgskulemiljøa frå 1. august 1994 samla i Høgskulen i Sogn og Fjordane. Som direktør i


































































































