Khrono
15.06.2023
Regjeringa gir gode grunnar for at norsk treng eit levande fagspråk i akademia, men teier om kvifor forskinga treng eit norsk fagspråk.
For at dette ikkje berre skal bli nok eit byråkratisk krav burde handlingsplanen også legge vekt på kva norsk fagspråk kan gjere for forskinga, skriv leiaren i AYF.
Les merOnsdag la regjeringa fram handlingsplanen for norsk fagspråk i akademia, som skildrar domenetapet for norsk fagspråk dei siste tiåra og føreslår 21 tiltak for å gjere noko med dette. Betre språkopplæring, også i kvalifiseringsstillingar, meir realistiske og forpliktande progresjonskrav og ei større anerkjenning av undervising og formidling er viktige tiltak for både norsk fagspråk og for yngre forskarar. Samstundes saknar me større ambisjonar og ein høgare horisont i handlingsplanen.
Fleire av utfordringane og tiltaka skissert i planen tek opp moment Akademiet for yngre forskere (AYF) har løfta fram, både i vårt eige språkpolitiske notat, i fleire kr


































































































