- Heilt avgjerande å få med slike som han.
Det seier professor Øyvind Vågnes, som er ansvarleg for manusstudiet, som formelt heiter masterprogram i manusutvikling for seriar. Sjølv har han ikkje skrive eitt einaste manus verken for film eller fjernsyn, men han har skrive mykje anna. Sist romanen «Ei verd utan hestar» - meir om den seinare.
Serie frå Vestlandet
Vågnes, som har både skjønnlitteratur og sakprosa på CV-en, vart oppmoda om å søkja før manusstudiet starta opp ved Universitetet i Bergen (UiB) i 2017.
Å vita kva manus som faktisk vert plukka ut og brukt til film eller TV er vanskeleg, seier han, så det studentane lærer er først og fremst idéutvikling, å finna vegen fram til ei forteljing og å læra seg å bruka dei mest vanlege skriveverktøya som vert brukte i bransjen.
- Då me starta opp dette studiet, var eg uroleg for om det kom til å verta vanskeleg å få tak i førelesarar. Store deler av den norske film- og TV-industrien ligg som kjent i Oslo. Men det har heldigvis ikkje vore vanskeleg. Det er viktig for studentane å få inn folk som skriv sjølve, får ting produsert og er nær der ting vert laga, seier Vågnes.
Manusstudiet er berre fem år gamalt, og i film- og TV-bransjen tek ting tid, seier professoren. Han gler seg difor stort over at Sigrid Kolbjørnsen, som var første kull masterstudent og no er stipendiat ved Institutt for informasjon og medievitskap, er ein av to hovudforfattarar for den ferske NRK-satsinga «Rykter». Her følgjer ein ungdom på bygda, på Vestlandet.
- Dette er veldig kjekt, seier Vågnes.
- Eg plar seia til studentane at meir enn å kunne laga heilt eigne ting når dei er ferdige med master, må dei rekna med å medverka i ein prosess. For Kolbjørnsen har det gått fort å få laga noko eige og vera med som hovudforfattar på ein serie.
Glamorøst? Vel...
Vågnes seier at det ikkje trengst altfor mange manusforfattarar i Noreg.