Arkitektur N
17.11.2017
Arbeidshagane i Kautokeino speglar ulik livsform og ulike behov, og utfordrer det rådande hage-omgrepet og estetikken knytt til det.
Kautokeino er vidde, reindrift og lang vinter. Det er ikkje kjøkkenhage, prydblomar og velstelte plenar. Slik tenkjer mange, og slik tenkte eg også, før eg kom til bygda.
Det er nærliggjande å tenkja slik. Bygda Guovdageaidnu, eller Kautokeino som den blir kalla på norsk, ligg på Finnmarksvidda, 330 meter over havet og 140 kilometer frå Altafjorden, med lange vintrar og korte somrar. I seg sjølv er dette ikkje noko godt utgangspunkt for hagebruk. I tillegg lever store deler av bygdefolket av reindrift, eller har tilknyting til reindrifta. Den samiske reindrifta i Finnmark er framleis delvis nomadisk, som betyr at dyra vandrar mellom ulike beiteområde gjennom året, med vinterbeite på vidda og sommarbeite ved kysten. Med reinsflokken flyttar også gjetarane og alle som kan, til kysten.
Kautokeino er såleis delvis tømd for folk på sommaren. Hage blir ikkje så viktig under slike tilhøve. Det var dette eg såg første gongen eg kom til Kautokeino, lite med hagar og prydplanter og lita interesse for uterommet. Etter kvart har eg funne hagane, først dei som likna mest på dei eg kjende frå lenger sør i landet, og sidan dei lokale, samiske variantane.
Hagane i Kautokeino kan grovt delas inn i to hovudtypar: pryd- eller rekreasjonshagen og arbeidshagen. Desse typane kan lokalt bli omtala som "norske" og "samiske" hagar.
Den "norske" hagen er pynta, den "samiske" er ein arbeids- og lagringsplass for alle meahcce-tinga.1 Meahcci, "utmark" på norsk, omfattar ikkje tomtene eller dei faste buplassane i bygda, men blir lokalt i Kautokeino forstått som "det landskapet du kommer til når du forlater hjemmet og bygda", altså det meste av arealet innanfor kommunegrensa. 2 Kautokeinohagen er eit bruksrom og ein base for ferdsel på og hausting av vidda. Store areal på vidda høyrer også med i det som er naturleg å rekna som ein del av det å bu. Meahcce-tinga signaliserer både tilknytting til reindrift og til den sterke haustings- og sjølvbergingskulturen som er levande i Kautokeino. Haustinga kan vera jakt, fangst, fiske, bærplukking eller vedhogst, og til desse syslene trengst det utstyr. Alle meahcce-tinga, som er å sjå på tuna, er såleis bruksting som trengst i det daglege arbeidet.
Denne artikkelen diskuterer arbeidshagen. Dette fordi den skildrar det lokale levesettet så tydeleg, samstundes som den, i større grad enn prydhagen, utfordrar det rådande hage-omgrepet og estetikken knytt til det.
Hage i bufast jordbrukskultur og i nomadisk reindrift
Omgrepet "hage" beskriv ei innhegning, ein "gard" eller ein avgrensa plass for dyrking eller beiting, som til dømes blomehage eller hamnehage. Me finn ordet "hage" eller "gard" i ulike former i dei nordiske språka og i andre indoeuropeiske språk. Også i samisk, som tilhøyrer den finsk-ugriske språkgruppa, finn me dette ordet.
Gárdi, som er i slekt med det norrøne ordet garđr, blir først og fremst brukt om kvea der ein samlar reinflokken for skiljing og merking. Denne innhegninga er gjerne lokalisert på beiteområdet i utmarka, ikkje ved bustaden. Ei liknande lokalisering har også ein annan type gárdi, fangstanlegget med rypesnarar, eller rievssagárdi. Snareanlegget er plassert i område der rypene beitar på fjellbjørka på vinteren. Rievssagárdi er eit gjerde, oftast laga av småbjørk som blir stukke ned i snøen. Inni dette gjerdet festar ein snareløkkjer. Gjerdet blir plassert slik at det skal fanga opp dei beitande fuglane.
Gárdi blir såleis brukt både om innhegninga, rommet som blir danna av gjerdet, slik som for reinkvea, og om sjølve gjerdet, som i rievssagárdi. Ein tredje type gárdi er lokalisert på tunet og der gjerne tett inntil ein av veggene på bustadhuset. Dette er den vesle, inngjerda blome- eller nyttehagen, som på samisk blir kalla gilvvagárdi.3 Denne hagen er den einaste av desse tre typane som har blitt nytta for å dyrka vekstar. Det som blir dyrka der er gjerne rabarbra, villrips eller staudar, som reinfann eller ballblom. Gilvvagárdi har tradisjonelt høyrt til småbruket og den faste bustaden, og har utgjort ein liten del av uteområdet rundt bustaden.
Dei ulike hagane ligg i ulik avstand frå bustaden. Ansvaret for dei er også ulikt fordelt. Medan blome- og nyttehagen først og fremst har vore kvinnene sitt ansvar, er reinkvea og rypesnarane i større grad menn sitt domene.
I norsk daglegtale blir "hage" gjerne brukt om heile bustadtomta.4 I tillegg til blomehage og grønsakåker kan dette vera plen, opphaldsområde, stiar og leikeplassar. Ofte er det den representative hagen med prydvekstar, vakre hekkar og murar som blir trekt fram i diskusjonen om hagar. Å bruka omgrepet "hage" i samband med uterommet rundt bustaden i Kautokeino, bryt såleis med mange sine førestellingar om hage. Lokalt vil mange, med den representative pr
Gå til medietDet er nærliggjande å tenkja slik. Bygda Guovdageaidnu, eller Kautokeino som den blir kalla på norsk, ligg på Finnmarksvidda, 330 meter over havet og 140 kilometer frå Altafjorden, med lange vintrar og korte somrar. I seg sjølv er dette ikkje noko godt utgangspunkt for hagebruk. I tillegg lever store deler av bygdefolket av reindrift, eller har tilknyting til reindrifta. Den samiske reindrifta i Finnmark er framleis delvis nomadisk, som betyr at dyra vandrar mellom ulike beiteområde gjennom året, med vinterbeite på vidda og sommarbeite ved kysten. Med reinsflokken flyttar også gjetarane og alle som kan, til kysten.