AddToAny

Haga & Grovs metode

Haga & Grovs metode
Årets vinnarar av Arkitekturprisen vil ha sykkelavstand mellom skisser og spadestikk. Hilde Haga og Rune Grov finn nemleg ekte glede i byggjeplass.
Stavanger, ein dag i mars for nokre år sidan: Hilde Haga og Rune Grov har nettopp kome til Olav Nilssons gate etter ein nervøs sykkeltur frå kontoret. Blant kvite trehus ser dei opp mot ein stillaskledd byvilla. Denne ettermiddagen i mars er heilt spesiell: Det er første gongen murarane tar ned stillasa frå byvillaene på Holmegenes. Og idet det skjer, skin varm sol på den avdekte teglfasaden. Haga og Grov, som med arkitektonisk pondus hadde overtydd byggherre om å velja den dyre, danske teglen, pustar med magen igjen.

- Det var akkurat sånn og endå litt til av det me hadde håpt på - at den varme fargen i teglen kom fram. Alle dei andre var litt for sure i gultonen sin, seier Grov i Haga & Grov.

Stavanger, Haga & Grov

Det er litt vanskeleg å finna Haga & Grov. Det beige bygget er anonymt, på grensa til surt i gultonen sin. Men i første etasje kan forbipasserande spotta nokre kvite modellar i vindauget. Ved døra kan den detaljfokuserte til og med sjå namnet på ringjeklokka. Dei er einaste indikatorar på at eit prislønt arkitektkontor gøymer seg i Wessels gate. Det er her arkitektane Hilde Haga (55) og Rune Grov (62) sit, når dei snakkar om estetiske historier, stavangersk gründerstemning og det langsame faget arkitektur. Og dansk tegl på Holmegenes, som dei i haust fekk Arkitekturprisen for. Arkitektkontoret Haga & Grov er uløyseleg samanbunden med Stavanger by. Målet er at arbeida dei gjer, marknadsfører seg sjølve. Derfor har Haga & Grov fått prega både Rogaland med prosjekt som Statoil sitt gjestehus på Solastranda, infillbygget i Middelalderbyen i Stavanger sentrum, St. Petri menigheitshus samt ei rekkje bustadhus, hytter og rehabiliteringsprosjekt. Byvillaområdet Holmegenes, med sine seks tusen kvadratmeter, er det så langt største prosjektet deira. Med sykkelavstand til kontoret, er det eit ypparleg eksempel på Haga & Grov sin metode. Dei vil følgja den seige prosessen frå skisser til spadestikk.

- Gleda ved byggjeplass, liksom, det er ikkje noko alle har. Det er eit heilt naturleg mål å kunna gå på byggjeplassen og sjå at skissene dine kjem opp her og der, seier Grov.

Gleda ved byggjeplass

For sidan 1992, då Haga og Grov blei Haga & Grov, har arkitektane hatt kort veg frå teiknebord til byggjeplass. Det er derfor dei fortel om den dagen i mars for nokre år sidan, kor alt stemte.

- Enkelt sagt vil me helst ha oppdrag mellom heime og kontoret, slik at me kan sykla innom kvar dag og følgja litt med, seier Haga.

Tilliten til å velja god materialitet, til å testa ut høg bukvalitet, lovpriser dei byggherren for. Det er slik Haga og Grov oppsummerer tretti års erfaring: Dei har ei nes

Les mer

Flere saker fra Arkitektnytt

Interiørarkitekter i Oslo og Bergen forteller om hvordan de ønsker å påvirke fag og samfunnsutvikling i 2020. lNTERlØR - side 30
Arkitektnytt 24.01.2020
Driver du egen virksomhet, så kan du være medlem i AFAG. Vi tilbyr bistand og svarer på spørsmål som gjelder det å drive for seg selv.
Arkitektnytt 24.01.2020
• Kenneth Ramberg Andersen, Kunstakademiet København, Danmark 2011, DAF • Tora Arctander, AHO 2014, NAF • Fredrik Asplin, NTNU 2018, TAF • Ramsey
Arkitektnytt 24.01.2020
5. februar: Arkitektlunsj i Ålesund/Molde. Green Garden Hotel 1904/Kafé Kurt, kl. 11.30-12.30.
Arkitektnytt 24.01.2020
Byplanlegger Åsa Haaland vil at Bergen skal få byfjordgartner. - Å øke kunnskapen om havet vil knytte oss sammen som mennesker, sier hun.
Arkitektnytt 24.01.2020

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batliv bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten golferenno gravplassen gullur handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalen journalisten juristkontakt kampanje khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt musikkultur natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse psykologiskno religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sno-ski sykepleien synkron tannhelsesekreteren teknisk-ukeblad Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt