AddToAny

Grundig om begrepet mentalisering

Då eg vart beden om å melde denne boka, tenkte eg at dette må vere rett bok til rett tid. Ei bok som kritisk tek for seg ein sentral del av kunnskapsgrunnlaget for avgjersler i barnevernet, bør vere nettopp det.
Som vi veit, har kvaliteten på utgreiing og tiltak i norsk barnevern fått stadig større offentleg merksemd. I det eg skriv dette, kjem det nok ei melding om at ein dom i ei norsk barnevernssak har vorte overprøvd av Den europeiske menneskerettskommisjonen. Kritikken som har vore retta mot barnevernet er truleg også ein viktig årsak til den store satsinga på kompetanse som det no blir lagt opp til i barnevernssektoren, mellom anna gjennom forslaget om å gjere barnevernspedagogutdanninga femårig. Dette vil innebere trong for fagbøker som går kunnskapsgrunnlaget som utdanningane bygger på nærare etter i saumane.

Som denne boka også tek utgangspunkt i, har mentalisering, ofte operasjonalisert som refleksiv fungering, dei siste åra etablert seg som eit av dei mest sentrale rammeverka for både utgreiing og tiltak i norsk barnevern. Undersøkingar fokuserer på foreldre sin refleksive fungering og tiltak rettar seg mot å betre denne fungeringa. Grunngjevinga for dette ligg i at foreldra sin evne til mentalisering blir sett på som ein avgjerande omsorgsfunksjon og utviklingstøttande faktor. Tilsvarande blir mangelfulle evner på dette området vurdert som ein risikofaktor. Når omgrep, teoriar og metodar får eit så stort gjennomslag, er det alltid ein fare for at grensene for bruk blir utvida til område dei ikkje var meint for.

Forfattaren av boka er psykolog og førstelektor ved bachelorstudiet i barnevern, OsloMet. Mellom linene i denne boka meir enn anar vi akademikaren sin irritasjon over upresis bruk av omgrep og «omnipotente» teoriar. Boka har sterkt retorisk preg, noko som gir energi til lesaropplevinga. Eg kjem til å konkludere med at denne boka er viktig, men at ho ikkje heilt held det tittelen lovar.

DEN VIKTIGASTE innvendinga mi er at boka ikkje handlar så mykje om barnevern. Ho er først og fremst ein grundig og velinformert kunnskapsfilosofisk diskusjon av mentaliseringsomgrepet. Av dei 13 kapitla er det berre tre (32 s.) som spesifikt tek for seg korleis forståinga av menneskeleg samspel, som mentalisering representerer, gjer seg gjeldande i praktisk barnevernsfagleg arbeid.

Korleis dokumenterer forfattaren utgangspunktet sitt, at «den omfattende utbredelsen av mentalisering synes å ha i barnevernfeltet, er i seg selv grunn nok til å gå teorien bak nærmare etter i sømmene - og det med et kritisk blikk»? Han viser til nokre nyare fagbøker i barnevernfeltet der mentalisering er sentralt både som tema og premiss, og han viser til «Lovdata». Her finn han at det pr. 22.9.2017 har vore avsagt 218 domar i fylkesnemnder og rettsvesen der ordet mentalisering førekjem. Er det mykje? Av kor mange domar totalt gjeld dette? Til samanlikning veit vi at det i perioden 2011 til 2018 har vore gjort meir enn 7000 sakkunnige vurderingar for barnevernet i Norge. Vi veit ikkje kor mange av desse som har kome til behandling i fylkesnemnd eller rettsvesen. Men vi må kunne gå ut frå at det gjeld fleirtalet. Det er vel også rimeleg å anta at dei fleste av desse 218 domane, refererer til sakkunnige rapportar. Det kan også vere freistande å spørje om kor mange domar som nemner andre typiske omgrep som går igjen i slike sake, til dømes grensesetting? Eg er ikkje ueinig i forfattaren sitt utgangspunkt, men meiner det kunne ha vore dokumentert betre. Mest overraska blir eg over at den mentaliseringsbaserte tilnærminga som har hatt størst gjennomslagskraft i barnevernet landet over ikkje er nemnt? Verken i referanselista eller i brødteksten finn vi spor av Circle of Security (COS), eller Trygghetssirkelen, som den heiter på norsk. Det kunne for eksempel vore interessant å vite kor mange norske barnevernsarbeidarar som har gjennomgått ein lengre eller kortare variant av denne utdanninga, sidan den vart introdusert i Norge for snart 10 år sidan. Vi veit at det er mange, og at ein i dag knapt vil møte ein norsk barnevernsarbeidar som ikkje har kjennskap til COS. I tillegg kjem dei mange helsesøstrene og barnehagelærarane som også har vorte skulerte i denne tilnærminga. Og, kor mange foreldre i barnevernet har gjennomgått ein av dei ulike variantane av COS? Ein slik oversikt ville ha gitt meir slagkraft til boka sitt utgangspunkt.

MEN EI BOK skal sjølvsagt ikkje først og fremst vurderast på bakgrunn av det som ikkje står. Mi vurdering er at det er ei viktig bok, som eg også har hatt stor glede av å lese. Ho er viktig fordi den tek for seg heilt grunnleggjande teoriar om menneskeleg samspel og utvikling. Korleis oppstår det første kroppsleg-affektive samspelet mellom barn og omsorgspersonane? Korleis lærer barn å forstå seg sjølv og andre? Kva utgjer vaksne samspelspartnarar sitt bidrag til dette? Kvifor er det teoretiske grunnlaget viktig? Kva for implikasjonar har det i praksis? Forfattaren argumenterer for at mentalisering, slik det blir framstilt av sentrale representantar for denne tradisjonen, inneber eit dualistisk syn på menneskeleg utvikling og eksistens, eit skilje mellom indre kognitive og emosjonelle prosessar, som er gøymt for oss, og ei ytre åtferd som desse indre prosessane viser seg gjennom. Vidare, at andre si åtferda gjer oss i stand til å tolke dette indre på ein meir eller mindre presis måte. Dei som har gode evner til mentalisering er gode fortolkarar, medan dei som ikkje er så gode til å mentalisere er tilsvarande dårlege fortolkarar. Dette er ein måte å forstå menneskeleg samspel og utvikling på som forfattaren er sterkt usamd i. Han argumenterer i staden for ein meir direkte linje til den andre sin «livsverden» som han kallar empatisk persepsjon, eit omgrep henta frå fenomenologien. Empatisk persepsjon er ein meir direkte og intuitiv gjensidig forståing som ikkje går vegen om tolking frå ytre til indre, frå åtferd til emosjonar. Døme på slik «online» (s. 159) empatisk persepsjon er den primære intersubjektiviteten (Trevarten, 1979) som kjenneteiknar det tidlegaste samspel mellom barn og omsorgsgjevar. Forfattaren avviser ideen om ein indre verden som er tilgjengeleg for andre berre gjennom meir eller mindre presis fortolkingar. I argumentasjonen sin for ein slik direkte, intuitiv, ikkje tolkande, gjensidig persepsjon viser han spesielt til filosofien, særleg Merleau-Ponty og Wittgenstein, men også nyare spedbarnsforsking. Ein stor del av boka er ei kritisk drøfting av mentaliseringsomgrepet, spesielt dualismen som implisitt premiss, og ideen om at mellommenneskeleg forståing er basert på gjensidig fortolking. Med ulike innfallsvinklar kjem han tilbake til dette i dei fleste av boka sine 13 kapittel. Han krydrar poenga sine med illustrerande døme frå dagleglivet. Men, dessve

Les mer

Flere saker fra Fontene forskning

Medvirkning er et begrep flittig brukt i både festtaler og lovverk, men fortsatt opplever mennesker i møte med velferdsstaten å bli snakket til, ikke med. Hvorfor er det så vanskelig?
Fontene forskning 14.12.2023
Hensikten med denne artikkelen er å bidra med kunnskap om hvordan gård-skole-tilbud kan legge til rette for personlig utvikling og yrkesvalg for elever med faglige og/eller sosiale vansker på ungdomstrinnet. Artikkelen bygger på kvalitative telefonintervjuer med ti ungdommer i alderen 16-18 år som hadde et slikt tilbud da de gikk på 9. og 10. trinn.
Fontene forskning 14.12.2023
Boka handler om det som i fagsjargongen i barnevernet kalles ettervern, selv om slikt «vern» i lovverket nå omtales som Hjelpetiltak til ungdom over 18 år (§ 3-6).
Fontene forskning 14.12.2023
? «CHILDREN WITH DISABILITIES and UN rights conventions» er et partnerskapsbasert prosjekt for gjensidig utveksling mellom Norge og Tanzania.
Fontene forskning 14.12.2023
Artikkelens tema er betraktninger rundt det å flytte ut av foreldrehjemmet som ung voksen med en utviklingshemming. Informantene er åtte unge voksne med Downs syndrom og 25 foreldre, og artikkelen har en kvalitativ tilnærming med intervjuer og tematisk analyse. Funnene avdekker ulike posisjoner mellom foreldre og unge voksne når det gjelder ønsker og behov knyttet til å bo utenfor foreldrehjemmet.
Fontene forskning 14.12.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt