BUSKAP
02.05.2016

Den nettbaserte Grovfôrmodellen har for lengst starta utrekningane av avlingar og kvalitet i eng frå Pasvik og Tromsø i nord til Lyngdal og Grimstad i sør.
Utgangspunktet for grovfôrmodellen er vêrdata samla inn frå 1. april fram til dags dato på rundt 80 stasjonar og ei enkel klassifisering av jordtypen i enga det blir kjørt prognosar for. I 2016 er brukargrensesnittet for modellen forenkla og fornya. Sjå nettadressa www.grovformodellen.no (http://www.vips-landbruk.no/ roughage/nutrition/) og figuren. På den nye oppslagssida skal ein lett kunne forstå koss ein vel vêrstasjon, jordtype og kløverandel i enga og legge inn aktuelle haustedatoar.
Utfordringar både for modell og ekspert Modellen spår ikkje rett alltid. Gardbrukarar og rådgivarar som tar seg tid til å studere enga på nært hald, kan godt treffe meir presist med sine kvalitetsestimat. Dette gjeld gjerne for enger som ligg langt unna vêrstasjon, som er dominert av andre artar enn timotei, og som på grunn av overvintringsskader eller låg næringsforsyning er sein i utviklinga frå våren. Slike avvik kan brukar kalibrere for ved å taste inn eigne registreringar i god tid før slått er aktuelt
Gå til medietUtfordringar både for modell og ekspert Modellen spår ikkje rett alltid. Gardbrukarar og rådgivarar som tar seg tid til å studere enga på nært hald, kan godt treffe meir presist med sine kvalitetsestimat. Dette gjeld gjerne for enger som ligg langt unna vêrstasjon, som er dominert av andre artar enn timotei, og som på grunn av overvintringsskader eller låg næringsforsyning er sein i utviklinga frå våren. Slike avvik kan brukar kalibrere for ved å taste inn eigne registreringar i god tid før slått er aktuelt