AddToAny

Grøn som Oldenelva

Grøn som Oldenelva
Med Riksantikvaren si freding av Dalheim i Olden blir ein eineståande del av norsk kultur- og arkitekturarv sikra vern og vidare liv.
William Henry Singer jr. levde frå 1868-1943, eit liv som tok han frå Pittsburgh, Pennsylvania, USA til Olden, Noreg. Singer var biletkunstnar, samstundes var han arving til eitt stort stålverksselskap. Det var vanskeleg å kombinere ei karriere som biletkunstnar med å drive stålverksselskapet, og etterkvart fekk han aksept av familien til å satse på biletkunsten. Kunsten tok han og kona til Europa første gong i 1900, der dei busette seg først i Nederland og så i Noreg.
I 1913 kom ekteparet Singer til Olden for første gong og her fann Singer det landskapet han hadde leita etter til motiv for bileta sine. Då dei kom tilbake til Olden i 1914 hadde dei fått ført opp bygninga «Studio» som atelier til William og dei hadde fått sin eigen fløy ved Yris hotel like ved. Oppføringa av Studio kan reknast som første byggetrinn på det som seinare vart deira nye heim, Dalheim. Anlegget vert i dag omtala som «Singerheimen». I 1943 døydde William Singer i Olden, og etter krigen fekk Anna Spencer Singer reist eit mausoleum som gravstad for både seg og William.

Ein heim. Etter at Studio var ferdig, skulle det gå fram til starten av 1920-talet før dei neste bygningane på Dalheim var ferdigstilt og ekteparet Singer kunne flytte inn. Då vart mykje av møblar og samlinga med kunst og antikvitetar flytta hit frå villaen deira, De Wilde Zwanen i Laren, i Nederland. Anlegget på Dalheim utvikla seg så vidare over fleire år. I tillegg til atelieret og villaen, består eigedomen av tenarbustad/drengestove, stabbur, kafé med eldhus og utedo til tenarskapet (kafeen var matrom til tenestefolket), jordkjellar, driftsbygning (1932), vedhus, bungalow (1937) og det omtala mausoleet (ca. 1949/ 50). I tillegg til bygningane var hagen ein viktig del av anlegget som dei la ned mykje ressursar i. Hageanlegget bestod av blomsterhage, drivhus, åkrar og landbruksdrift.
Forutan anlegget på Dalheim sette ekteparet Singer andre store spor etter seg i Sogn og Fjordane, Nederland og USA. I Sogn og Fjordane er det spesielt bygginga av Nordfjord sjukehus som dei kosta og som vart utsmykka med William Singer jr. sine maleri, og forskotteringa for bygging av vegen mellom Olden og Innvik. Forutan sjølve Singerheimen, lever arven etter dei vidare ved at mange gjenstandar frå Dalheim ble testamentert til Vestlandske kunstindustrimuseum i Bergen, og delar av den er i dag utstilt i Kode 1 si Singersamling. I Nederland opprett dei kunstinstitusjonen SingerLaren og i USA Washington County Mus
Gå til mediet

Flere saker fra Arkitektur N

Gjenopplivningen av den gamle Skolo på Helgelandskysten viser potensialet i gjenbruk - både som arkitektur og motor for den lokale reiselivsnæringen.
Arkitektur N 29.10.2021
Arkitektur N 29.10.2021
Eneboligen ligger i en slak skråning helt for seg selv. I tillegg til store trær, byr stedet på en rekke større og mindre, usedvanlig vakre, mosegrodde steiner og et rikt dyre- og fugleliv.
Arkitektur N 29.10.2021
Etter mange års utredninger om tomtevalg og grad av samlokalisering har Politiet fått sitt nasjonale beredskapssenter på Taraldrud utenfor Oslo. Bevaring av eksisterende trær, tilpasning av volumene til tomtens helning og bruk av bestandige materialer som tegl har gitt det plasskrevende programmet et sympatisk uttrykk.
Arkitektur N 29.10.2021
I samarbeid med NLA presenterer Arkitektur N nr. 05, 2021 det viktigste fra svensk og dansk landskapsarkitektur.
Arkitektur N 29.10.2021

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batliv bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen gullur handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalen journalisten juristkontakt kampanje khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt musikkultur natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse psykologiskno religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sno-ski sykepleien synkron tannhelsesekreteren teknisk-ukeblad Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt