BUSKAP
31.10.2016

Christen Sjøvold i Malvik nær Trondheim bygde ny fjøs med 51 liggeplasser og melkerobot i 2010. Driftsresultata har berre gått oppover, og det gir rom for ny satsing. Det skal nå bli plass til kalvar og ungdyr under same tak. Han har fast besøk av Lean-koordinator for å finna nye forbedringsområde.
For ein framand som kjem inn på tunet på Buaas Ytre, skulle ein tru ein var komen til ein bratt vestlandsgard. Her beiter ein stor buskap. Christen (50) overtok garden i 2004, men har arbeidd med jord- og skogbruk heile livet. Tidlegare tok han på seg skogsarbeid, og han har også hatt arbeid for Malvik Bygdeservice SA. Sambuar Ellen Forseth (49) arbeider i heimesjukepleien, og dei har sonen Erik (12). Dei bygde nytt bustadhus på garden i 2001. I kårhuset bur kårfolka Knut og Ingrid. Dei deltek i drifta når det trengs.
Minimumsutbygging i 2010
Den gamle driftsbygningen var frå 1957 og var bygd til 15 kyr. Melkekvota var i 2004 på 80 000 liter, og Christen hadde kome opp i produksjon på 170-180 tonn i den gamle bygningen. Han såg på ulike tilpassingar med folkefjøs som påbygg til eksisterande fjøs. Konklusjonen vart å satse på ei minimumsløysing for nybygg, der det vart bygd nytt fjøs til mjølkekyr, og der kalvar og ungdyr vart flytta over i det gamle fjøset der oppdrettet skulle vera. Oksekalvane vert selde etter tre månader. Nybygget er 14.5x42 meter med fôrbrett langs eine langveggen. Fjøset har 51 liggebåsar og to kalvings-/sjukebingar. Kalkylen var på 5.8 millioner kroner. og Innovasjon Norge gav 0,6 millioner i tilskott, og lån med rentestøtte. Bygginga starta i slutten av mai 2010, med innf
Gå til medietMinimumsutbygging i 2010