Norsk Landbruk
13.06.2019
For 13 år sidan, i 2006, lanserte Telespor sitt første sporingssystem. Teknologien i radiobjølla bruker GPS for posisjonering og sender varsel via GSM-nettet.
Radiobjølla kan brukast over heile landet der det er mobildekning og kan brukast både på sau, geit, storfe og rein. Kvart dyr på beite ber den 110 gram tunge bjølla, som rapporterer posisjonen sin, slik at du kan sjå kvar dyret ditt er og kvar det har vore.
Du vel sjølv kor ofte du vil ha rapport om posisjonen, frå kvart femte minutt og oppover. Innstillingane endrar du frå datamaskina eller telefonen. Kvar gong radiobjølla