Khrono
15.07.2023
Iselin Silja Kaspersen sin eigne bakgrunn frå Forsvaret vart avgjerande då ho skulle bestemma tema for doktoravhandlinga.
- Kvifor vart det doktorgrad om akkurat dette emnet?
Les mer- Eg har sjølv jobba i Forsvaret, så tema for avhandlinga er resultatet av spørsmål eg sjølv hadde stilt meg.
- Kan du presentera prosjektet ditt i korte trekk?
- Eg har forska på korleis institusjonen Forsvaret er med på å forma identiteten til dei som er i Forsvaret. Eg har teke utgangspunkt i dei som jobbar i Forsvaret, nærare bestemt kadettar på Krigsskolen i Hæren, som vert tilsett med grad frå løytnant og opp etter utdanninga. Desse har ansvar for dei som kjem inn i Forsvaret, og er med på å bestemma kva kultur og identitet som vert representert. Studien min er kvalitativ og eg


































































































