BUSKAP
25.02.2022
Det er litt, men ikkje mykje å tena på å koma seg ut med mineralgjødsla tidlegare.
Dei siste åra har ein del gardbrukarar vore ivrige med å køyra ut mineralgjødsla tidleg. Målet er at dette skal hjelpa plantane i gang, slik at dei får betre tid til å laga oss ei stor avling av god kvalitet. Frå 2018 til 2020 hadde NIBIO i samarbeid med Norsk Landbruksrådgjeving (NLR) feltforsøk der me testa ut om det var noko å henta på å koma tidlegare i gang.
Hjelpa plantane i gang
Når veksten tek til om våren, ynskjer me å hjelpa plantane i gang med litt gjødsel. Kanskje har kulda herja med plantedekkjet og ulike næringsstoff kan ha gå tapt i laupet av vinteren. Frosten kan sprengja i stykke planteceller, og nedbør - vinterregn eller snøsmelting - kan vaska vekk plantenæringa både frå plantar og jord.
Mineralsk nitrogen og svovel blir ofte vaska ut, og lettløyseleg kalium. Det vert ikkje vaska ut mykje syreløyseleg kalium eller fosfor. Desse næringsstoffa er sopass lite tilgjengelege at dei forsvinn mest om vatnet grev vekk jordpartiklar. På våren er det lite tilgjengeleg næring i jorda, mesteparten er låst i kjemiske bindingar eller i organisk stoff. Med litt varme kan jorda snøggare etterfylla med næring etter kvart som plantane tek opp det litle som er tilgjengeleg, men denne varmen kjem kanskje ikkje like tidleg som plantane kan byrja å skyta fart og veksa. Ved ei tidlegare vårgjødsling får plantane næring før jorda maktar å frigjera henne. Vårgjødsla må koma tidleg nok til at me får utnytta heile vekstsesongen, men ikkje so tidleg at næringsstoffa me gjødslar med går tapt til miljøet.
Risiko for avrenning
Gjødslar me for tidleg, og det kjem nedbør, er det fare for at ulike næringsstoff kan forsvinna med avrenninga. Mineralsk nitrogen kan òg verta denitrifisert og gå tapt som N2 eller lystgass, so lenge jordvatnet ikkje er frose
Gå til medietHjelpa plantane i gang