Mange av oss har i barndommen fått innprenta den viktige lærdommen om at ein ikkje ropar ulv! utan at ulven er der. Gjetarguten i Æsops fabel lærte dette på den harde måten ved å misse alle sauene sine til ulven. Den frydefulle gleda over å kunne få alle i landsbyen til å kome springande berre han ropte dette eine enkle ordet, var uimotståeleg forhan.
Han ropte og ropte, til det til slutt gjekk opp for sambygdingane hans at det aldri var nokon ulv der. At dei måtte sleppe alt dei hadde i hendene og springe til hjelp, berre for å oppdage at dei endå ein gong hadde blitt lurte av eit bortskjemd barn. Den dagen ulven faktisk kom, var guten aleine. Ingen trudde hanlenger.
Det vi ved Høgskulen i Sogn og Fjordane denne hausten har i hendene er det svært komplekse og krevjande arbeidet med å gå i fusjon med Høgskolen i Bergen og Høgskulen i Stord/ Haugesund. Det er møte, reiseverksemd, utgreiingar, diskusjonar om viktige vegval. Folk strevar på, alt medan den vanlege drifta med undervisning, eksamen og forsking også skal skjøttast. Den tidvis bitre striden om sjølve fusjonsavgjerda har vi alle lagt bak oss. Støvet har lagt seg, vi har takka motstandarane for kampen og retta ryggen for nye viktige oppgåver. Vi serframover.
Men så høyrer vi ulveropet. Det er senior


































































































