AddToAny

Georg Arnestad vil ikkje halde kjeft

- Eg tenkjer at eg framleis skal skape debatt og provosere, seier Georg Arnestad. Nyleg blei han pensjonist frå Høgskulen på Vestlandet. På fulltid no.
Sogndal (Khrono): Han er ein av desse opplyste bondestudentane som denne månaden går alvorleg i gang med å ha det travelt som pensjonist på 100 prosent. Men vi kan rekne med at vi framleis vil høyre frå han. Han har ikkje tenkt å pensjonerer seg frå deltaking i samfunnsdebatten og ordskiftet.

Ifølge det nynorske oppslagsverket Allkunne er Georg Einar Arnestad, «forskar og skribent med sterke meiningar, særleg om kulturpolitikk og regional utvikling». Ifølge oppslagsverket har han dei seinare åra «fått status som ein slags fylkessynsar i media i Sogn og Fjordane.» Folk Khrono har snakka med kallar han «Vestlandets mann».

Den vesle distriktshøgskulen i Sogn og Fjordane gjorde seg meir gjeldande i si tid enn den store Høgskulen på Vestlandet gjer no. Det er altfor lite deltaking i det offentlege ordskiftet. Georg Arnestad Nyleg fulltidspensjonert frå HVL

- Eg tenkjer at eg framleis skal skape debatt og provosere - og har ikkje tenkt å pensjonere meg frå det. Eg vil vere spaltist og skrive kommentarar ulike stader, seier han - og legg til:

- Og kanskje eg kan bli meir frittalande om saker som har med høgskulen å gjera? Samstundes må eg seie: Eg har ingen omkampar som eg har lyst til å ta.

Der var ei diplomatisk utgåve av Arnestad.

Ytringsfridom og kjeftbruk

Georg Arnestad ved Høgskulen på Vestlandet markerte nyleg avslutninga på 38 år som tilsett i høgare utdanning. Dei fleste av åra ved det som i «gamle dagar» blei kalla Distriktshøgskulen i Sogn og Fjordane, og som no er fusjonert inn som ein del av Høgskulen på Vestlandet. Ein fusjon han sjølv var tilhengar av - sjølv om han, når debatten sto på som verst, syntest det var vanskeleg å seie det høgt. Og det fekk han kjeft for i ettertid. Det var ikkje alle som trudde på at han var redd for å seie ifrå.

Og temaet som den tidlegare bondestudenten frå Gloppen hadde vald for å markere avslutninga på eit langt liv i distriktsnoregs akademia, var nettopp ytringsfridom. Både i akademia og elles.

Er det best å halde kjeft, spurte Arnestad og hadde invitert kommentator og forfattar Frank Rossavik som er ute med bok med same tittel i haust. Og Arnestad lét ikkje høvet til å diskutere ytringsfridomen i akademia til å gå frå seg i eit panel etter samtalen med Rossavik på Meieriet i Sogndal.

I panelet etterpå sat tidlegare leiar i Forskingsrådet og noverande styreleiar ved HVL, Arvid Hallén og førsteamanuensis Erik Kyrkjebø ved Høgskulen på Vestlandet.

Underteikna var også med.

Panelet var ikkje veldig usamde, eg enda opp i ei semje mellom Kyrkjebø og st

Les mer

Flere saker fra Khrono

Hvor lett skal vi gjøre det for KI-generasjonen, spør student. Har vi ikke universiteter for å oppdra individer som kan undersøke, skrive og tenke selv, istedenfor å leke gjetteleken med informasjon fra ChatGPT?
Khrono 28.09.2023
Regjeringen vil ha mindre detaljstyring. Prosessen startet i sommer, og fortsetter nå.
Khrono 28.09.2023
Over en tredel av studentene ved fagskolene har ikke opplevd at representanter fra arbeidslivet har bidratt i utdanninga hittil i studiet, viser Studiebarometeret for fagskolestudenter.
Khrono 28.09.2023
Han framsto som en usedvanlig dyktig søker da han søkte jobb hos Universitet i Bergen. Nå vil universitetet be redelighetsutvalget se på covid-19-artiklene han publiserte mens han var ansatt.
Khrono 28.09.2023
Leder av sykepleieforbundets studentorganisasjon mener universitets- og høgskoleloven i for liten grad ivaretar studenter og deres rettigheter.
Khrono 27.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt