Tidlegare i haust såg vi fargesprakande reklame for «grand opening» på Gardermoen.
Det handla ikkje om opning av nye avgangshallar. Nei, det handla om større og flottare areal for «Duty free». Dobbelt så stor plass - nesten som ei fotballbane - for alkohol, tobakk, sjokolade og god lukt! Det skulle bli endå betre organisering, fleire kasser, raskare køavvikling.
MERKELEG FENOMEN
Eg har ikkje vore der etter nyopninga. Men eg tvilar ikkje på at det er lagt til rette for fri flyt. Utgangspunktet var bra frå før. Det finst knapt ein plass i heile landet med så velorganiserte betalingskøar. Kundane får instruksar både ved hjelp av teknologi og hyggelege betjentar. Og det trengst orden i galskapen når hordar av reiseglade nordmenn inntar denne scena. Dei skal bli endå gladare av å haste rundt med handlevogner i jakt på billeg alkohol og tob


































































































