- På med den magiske hijaben, ler ho.
Utanomjordiske krefter hadde kanskje vore noko når jobben din er å arbeide for ei fredelegare verd, men Sharief ser ut til å greie seg utmerka utan òg. Ho er blant anna ein av ti unge leiarar i Kofi Annan sitt initiativ Extreamly Together som arbeidar mor valdeleg ekstremisme.
I tillegg er 24-åringen plukka ut av generalsekretær i FN, Bank Ki-Mon, til å arbeide med og vidareutvikle FN resolusjonen 2250 som omhandlar ungdom, fred og sikkerheit.
- Det er nok gamle menn i dress rundt forhandlingsborda, seier Shaief, som meiner det er heilt naudsynt å få med perspektiva til kvinner og dei unge.
Fredsprisvinnar
Torsdag 29. september vart det offentleggjort at Studentanes fredspris i 2017 går til Hajer Sharief. Ho får prisen for sitt arbeid med å inkludere kvinner i fredsbyggande arbeid, for å skape dialog mellom ulike partar i Libya og for å byggje bru mellom den libyske grasrota og det internasjonale samfunnet.
- Prioriteten i Libya i dag er fred, men kva verdi har kvinner i dette arbeidet? Eg skal gi deg et eksempel. La oss si en organisasjon sender humanitærhjelp. Om det er menn som pakker eskene vil dei tenkje på barberblader og andre ting menn treng, pakkane vil sjå heilt annle