Utdanning
19.04.2016
Kunnskapsdepartementet skal skrive ny rammeplan for barnehagar sjølv, utan å nedsette eit fagleg utval først. Det bryt med tidlegare sedvane.
Følg Utdanning på Facebook og Twitter
Les merNy rammeplan skal etter planen tre i kraft frå hausten 2017. Ei arbeidsgruppe i Kunnskapsdepartementet har alt starta arbeidet med å forme ut tre utkast til ny rammeplan, ifølgje ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet. Desse utkasta vil bli lest og kommentert av fagspesialistar, fagmiljø og medlem i referansegruppa i departementet, heiter det i meldinga.
Forskarar
Dei to gongene tidlegare som rammeplanen for barnehagane er blitt revidert, har det vore ei gruppe med forskarar og praktikarar frå barnehagefeltet som har laga utkastet. Forslaget har så vore på brei høyrin