Norsk Landbruk
15.12.2016
Flaskehalsar i produksjonen er fjerna, talet på modellar har auka og salet går strykande for Foss-Eik. Nå vil tilhengarprodusenten auke modellutvalet.
Registreringstala viser at Foss-Eik selde 227 tilhengarar i løpet av dei ni første månadene i år. Det er 40 fleire enn i same periode i fjor. Pilene for bedrifta på Bryne peikar oppover, men sjølv om avstanden frå Foss-Eik på tredje til Weckmann på førsteplass er relativt liten, har ikkje Bilstad nokre store ambisjonar om å klatre heilt til topps på hengarstatistikken.
- Det er ikkje om å gjere for oss å bli nummer ein. Då hadde me starta produks


































































































