Her er ein enkel bodskap til norske universitetsadministratorar:
Når du sit som rådmann, teknisk sjef eller sjukeheimsleiar i ein gjennomsnittleg norsk kommune, gir du blanke i kva obskure forskartidsskrift den lokale førsteamanuensen har publisert grafane sine i.
Du treng sjukepleiarar. Du treng lærarar. Du treng ingeniørar. Du treng ikkje siste nytt frå forskingsfronten. Du treng dei som fungerer og som gjer jobben sin på ein god og forsvarleg måte.
Å bidra til dette var faktisk ei gong hovudtanken bak dei norske høgskulane. Slik er det ikkje lenger.
Faren er at forskinga ved dei nyoppnemnde universiteta endar opp som lite anna enn avanserte NAV-tiltak. Ingebjørn Bleidvin Lege og skribent
Gjennom lang tids standhaftig jobbing med strategiplanar, suksesskriterium-definisjonar og utviklingsprosessar har eit knippe markeringskåte politikarar og styringslystne administratorar klart å define

































































































