AddToAny

Forskarar blandar dyr og menneske

Kristin S. Grønli I mytologien er dei fabelaktige uhyre. På laboratoriet kan dei bli livreddande blandingsvesen. Møt menneske-dyr-kimærane. Utviklinga innan forsking på stamceller har gjort det meir interessant å blande organismar.
Motivasjonen strekkjer seg frå å forstå meir om korleis eit levande vesen utviklar seg, til å finne måtar å produsere sårt trengde organ for transplantasjon til sjuke.

Dette har fått forskarar til å lage verdas første fosteranlegg med celler frå både ape og menneske. Det har også ført til eit etisk rammeverk som seier at det ikkje er greitt å formere dyr som kan bere menneskeleg avkom.

Etikken blir utfordrande når blandinga handlar om hjerne og nervesystem. Vil ei mus eller ein ape med menneskeceller i hjernen tenkje meir som eit menneske? Og kva vil det eventuelt medføre?

Stort behov for organ

Det er lange ventelister for folk som treng transplantasjon av ny lever, nyre, lunge eller hjarte.

- Den kliniske situasjonen er ganske dramatisk, sidan relativt unge menneske døyr fordi det ikkje er mogeleg å få tak i transplantat til dei. Så dette med å lage organ vil kunne dekkje eit ganske stort behov, seier Jan Brinchmann.

Han leier ei forskargruppe innan celleterapi ved Universitetet i Oslo (UiO) og Oslo Universitetssykehus (OUS). På laben til Brinchmann blir det mellom anna laga plater med leddbrusk i laboratorieskåler, basert på pasientane sine eigne celler. Målet er å reparere ledd.

Brinchmann har også gjort forsøk med stamceller frå menneske som danna blodårer i mus.

- Det er ikkje så vanskeleg å forstå kvifor forskarar ønskjer å lage organ, seier han.

Spørsmålet er heller kor langt ein er villeg til å gå for å få det til, og om det etiske rammeverket vi har i dag, faktisk er tilstrekkeleg for dei nye retningane denne typen forsking har byrja å ta.

Du kan vere ein kimære

Ein kimære er ein organisme med levande celler i kroppen som stammar frå ein annan organisme. Det er altså ikkje det same som ein hybrid, som er ei genetisk blanding av to artar, for eksempel muldyret (esel + hest). I ein kimære lever celler med ulikt DNA side som side i same organisme.

Kvar og ein av oss kan faktisk vere eit slikt blandingsvesen utan å vere klar over det. Ei mor kan ha celler frå barnet sitt i kroppen i fleire tiår etter fødselen. På same måte kan barn ha celler frå mor i sin kropp.

Folk som har fått blodoverføring, beinmargstransplantasjon eller organtransplantasjon frå eit anna menneske, er også kimærar. Eit menneske som får ein hjarteklaff frå gris, er ein menneske-dyr-kimære.

I fleire hundre år har forskarar transplantert vev frå ein art til ein annan for å forstå biologien betre. Heilt sidan 1960-talet har kimærar ogs

Les mer

Flere saker fra Magasinet Forskningsetikk

Professor David Southall avslørte at 33 barn ble utsatt for livstruende vold av sine foreldre. Den kontroversielle bruken av skjult kamera gjorde ham til den mest omstridte barnelegen i Storbritannia.
Noen mener ny teknologi kan bli vår redning. Andre ser for seg menneskehetens undergang. Vi bør se oss tilbake mens vi går framover.

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt