Khrono
22.05.2023
Ein lågare finansieringssats og dermed lågare risiko er betre for stabiliteten og handlingsrommet til ein institusjon, meiner statssekretær Oddmund L. Hoel.
I vår la regjeringa fram forslag til nytt finansieringssystem for universitet og høgskular, i Utsynsmeldinga. Målet er å forenkle systemet og gje lærestadane meir tillit og større handlingsrom.
Les merI kjølvatnet av Utsynsmeldinga har me sett at fleire institusjonar er bekymra for at dei vil få lågare løyvingar framover. Felles for mange av reaksjonane er at konsekvensane av endringane i finansieringssystemet blir kraftig overdrivne. Det som har noko å seie for det økonomiske handlingsrommet til institusjonane, er satsingar og kutt på dei årlege statsbudsjetta.
I eit innlegg i Khrono 14. mai kritiserer rektor Astrid Kvalbein og viserektor Sidsel Karlsen ved Noregs musikkhøgskole (NMH) forslaget til nytt finansieringssystem. Dei meiner dei kunstnarlege vitskaplege høgskulane vil tape pengar og handlingsrom med dei nye finansieringskategoriane.
Forenklinga frå seks til tre kategoriar (satsar) i finansi


































































































