Norsk Landbruk
28.08.2025
Bæra mognar i rekordfart. Men ein ting et me litt lite av i varmen.
No er det viktig å vera om seg. No må me eta norsk og alt det gode me har rundt oss. Det bognar no, seier Inghild Lysne Sanden, dagleg leiar ved Sogn Frukt og Grønt.
Kollegaen hennar, kvalitet - og logistikkoordinator Håkon Bøe Hitland, viser veg til Øvste Ljøsne. Her er Eirik Skjerdal Lysne og 13 arbeidarar i gang med dagens arbeid. For som Sanden peikar på, er Sogn i juli eit stort matfat.
- Me ventar rundt 42 tonn, seier Lysne.
FLEIRE BEIN Å STÅ PÅ
Faren Rikard har drive med morellar i ei årrekkje, og Eirik kom såleis til etablert felt då han tok over i 2023. På garden driv dei med mykje ulikt, både poteter, gulrot og stikkelsbær. Lysne driv saman med Bent Håkon Slogvik Voll og Jonas Lysne.
- Me har fleire sortar morellar for å strekkja sesongen.
No er dei i gang med plukking av van, seinare - kanskje neste veke- kjem mange sin favorittsort, lapins.
13 plukkarar frå Polen er i sving, fleire av dei har erfaring frå tidlegare sesongar. Arbeidsdagen startar klokka 6. Mellom trea finn ein også
Gå til medietKollegaen hennar, kvalitet - og logistikkoordinator Håkon Bøe Hitland, viser veg til Øvste Ljøsne. Her er Eirik Skjerdal Lysne og 13 arbeidarar i gang med dagens arbeid. For som Sanden peikar på, er Sogn i juli eit stort matfat.