Fagbladet
09.07.2018
Over 6.400 personar er i full jobb samstundes som dei tek imot sosialhjelp. Det er ei auking på seks prosent fra året før. Det viser Statistisk sentralbyrå sine nye sosialhjelpstal for 2017.
Det er 6.420 personar som hadde heiltidsjobb og samtidig fekk sosialhjelp. Det utgjer 4,8 prosent av alle mottakarane, og er ein auke på nesten 6 prosent frå året før.
Les merSV meiner dette viser at delen arbeidande fattige i Noreg er stor.
SV: - Uverdig
- Dette viser jo at veldig mange slit kraftig med å få økonomien til å gå rundt sjølv om dei er i fullt arbeid - dette er arbeidande fattige i Noreg. Det er uverdig at folk skal måtte stå med lua i handa, seier SVs arbeids- og sosialpolitisk talsperson, Solfrid Lerbrekk, i ein e-post til FriFagbevegelse.no.
- Noreg skal ikkje vere eit land der du er fattig når du er i full jobb. At så mange må ha hjelp frå Nav når dei samtidig jobbar kvar einaste dag, er eit teikn på eit samf


































































































