Norsk Skogbruk
28.03.2018
Nationen har hatt eit par innlegg over temaet flatehogst eller plukkhogst. Problemet med denne diskusjonen er at han går for seg på eit nivå av kunnskap som ikkje er tilpassa. Problemstillingane er så bratte og unyanserte at dei unndreg seg ei allmenn interesse.
Plukkhogst er ikkje ein ting, men mange. I dei fleste tilfelle vil det omfatta skjøtsel av skogane med uttak, hogst og stell med heller korte mellomrom.. Eg veit ikkje om det er nokon i det vitskaplege miljøet i Noreg som har forska på dette sidan skogtaksator professor Johan Bøhmer (som døydde i 1962) var aktiv. Det er dei færraste av oss som har opplevd han.
Som nokon kjenner til finst det ein serie systematiske måtar å stelle skogen på ut frå ulike siktemål for produksjonen. Det såkalla bledningsskogbruket som professor Bøhmer var tilhengar av, føresette ein skjøtsel på individnivå. Det var eit fleiretasjeskogbruk, med ulik alder og høgd på trea. Der det var om å gjera å få fram store og gamle tre fekk ikkje ungdomen sleppe til så fort, men når det nærma seg at kjempene skulle ut var det om å gjera at dei unge alt hadde fått etablert seg. Ein eg kjende sa det slik: Vi hadde alltid med oss eit lite grev når vi gjekk i skogen. Var det ein stad det ikkje hadde frødd seg, hakka vi litt i mose og lyng. Då vart det såseng.
Der det trongst skulle skoge
Gå til medietSom nokon kjenner til finst det ein serie systematiske måtar å stelle skogen på ut frå ulike siktemål for produksjonen. Det såkalla bledningsskogbruket som professor Bøhmer var tilhengar av, føresette ein skjøtsel på individnivå. Det var eit fleiretasjeskogbruk, med ulik alder og høgd på trea. Der det var om å gjera å få fram store og gamle tre fekk ikkje ungdomen sleppe til så fort, men når det nærma seg at kjempene skulle ut var det om å gjera at dei unge alt hadde fått etablert seg. Ein eg kjende sa det slik: Vi hadde alltid med oss eit lite grev når vi gjekk i skogen. Var det ein stad det ikkje hadde frødd seg, hakka vi litt i mose og lyng. Då vart det såseng.
Der det trongst skulle skoge


































































































