Espevik gard ser ut som eit ganske typisk gardsbruk i Ryfylke. Garden hadde opphaveleg ein mjølkekvote på 52 tonn og nokre sauer. Rundt tusenårsskiftet kjøpte far til Lars Espevik (32) ein gard i Borgenvik, som ligg tre kilometer unna, og med den følgde det ein kvote på rundt 45 tonn.
- Både mamma og pappa kjørte drosje, og var eigentleg ikkje interesserte i å kjøpe garden, men dei gjorde det for mi skuld. Det var mitt krav for at eg ein dag skulle overta garden, fortel han.
Fordi faren døydde brått i 2004, kom dagen tidlegare enn tenkt. Den første tida kombinerte Lars gardsdrifta med jobben i Haugesund, men då Mesta la ned avdelinga var det slutt. Seinare har han vore maskinkjørar og mekanikar hos Amrock, eit stort steinbrot som snart skal avviklast.
- Inntektene frå arbeid utanom garden har vore heilt avgjerande for å løfte garden opp på dagens nivå, men til tider var det veldig slitsamt. Spesielt var det tungt å gå nattskift og gå rett i fjøsen då eg kom heim, fortel han.
HADDE LAUSDRIFTFaren bygde lausdriftsfjøs med 14 liggjebåsar i 1990, og hadde kalvinga konsentrert til hausten. Drifta var prega av at moren og faren kjørte drosje på fulltid. Ein gardsokse måtte ta seg av insemineringa, og med 12 mjølkekyr greidde dei aldri å fylle mjølkekvot