Vi veit at hatretorikk har konsekvensar. Fritt utløp for rasisme og muslimhat er ikkje ufarleg.
I etterkant av moskeskytinga denne helga, har vi sett fleire i sosiale medier leggje skulda på retorikken til Human Rights Service, Resett og Document.no. Og ein kan meine kva ein vil om desse nettstadene, men i denne konkrete saka er det nok eit langt steg frå dei til moskéskytaren og drapsmannen.
Vi må forstå han i kontekst av ein internasjonal chankultur, ikkje i ein nasjonal og norsk kontekst. Den norske historia til moskéskytaren, tar meir og meir form av ein individuell tragedie, medan hans politiske motivasjon er overnasjonal og internasjonal.
Mot betre vitande
Det er mykje å vere kritisk til hjå desse norske sidene. Og det finst ein tid og stad for å rette den kritikken mot dei. Denne sa