forskningsformidler Vestlandsforsking
Viss han ein sjeldan gong måtte ned på golvet etter noko han hadde mista, måtte han tenke seg nøye om: Hadde han fleire ærend der nede? Og fanst det noko å støtte seg i når han skulle reise seg att? Så strevsamt var det å bøye ryggen, det verkande kneet, kjenne blodet pumpe i tinningen og sveitten piple fram i panna - for ikkje å snakke om den lange vegen opp att.
Kvardagen til mange menneske med alvorleg fedme er tøff - innestengde i ein stor kropp, utestengde frå fellesskapet. Før 2001 fanst det ikkje noko anna behandlingstilbod i Noreg enn kurs i omlegging av livsstil.
Men for dei aller tyngste var ikkje gulrøter og joggesko ein realistisk utveg.
Første tilbod i 2001
18. april 2001 vart den første fedmeoperasjonen utført i Helse Førde. Sjukehuset var det første i Noreg med dette tilbodet. Kirurgen Villy Våge utførte operasjonane.
Inngrepet som vart brukt på desse første pasientane, er omfattande. Ved bileo-pancreatic diversion with duodenal switch (BPDDS) fjernar kirurgen store delar av magesekken og kortar ned tynntarmen. Dermed kan ikkje pasienten ete like mykje som før, og næringsopptaket blir redusert.
Ein siste utveg
Forskar og sjukepleiar Anny Aasprang tok imot pasientane og gjorde dei klare til operasjon. (Foto: Vestforsk.no)
Frå sengekanten, før han vart gjort klar til operasjon, beskreiv ein av pasientane situasjonen sin slik:
Tenk


































































































