NTL-magasinet
24.05.2017
NTL i Kommunal- og moderniseringsdepartementet har vært på studietur til den Haag.
To dagar i den Haag viste oss på ny at gode byråkratar på NTL-tur har det best når dei kan kombinere det jobbfaglege og det fagforeiningsfaglege. Eit besøk hos Rijksvastgoedbedrijf (RVB), som er ansvarleg for nye og tettare regjeringskvartal i Nederland, ga godt grunnlag for diskusjonar om omstilling og lokalisering her heime.
Formål. Målet med studieturen var djupdykk i relevant lov og regelverk, samt å hente erfaring frå ein endringsprosess som liknar den vi står framfor med nytt regjeringskvartal. Programmet følgde same malen som vi har hatt suksess med tidlegare: eit besøk på ambassaden for å få eit overblikk over nederlandsk politikk, styresett og organisering av sentralforvaltninga, møte med eit relevant fagorgan og kurs/workshop i relevante reglar i arbeidsmiljølova og tjenestemannslova. Denne gongen fekk vi dessverre ikkje til møte med nederlandsk fagrørsle, noko som var eit stort sakn.
Endring på nederlandsk. Nederland har kome langt i å komprimere regjeringskvartala og å samle fellestenester. Der har politisk leiing sett kniven på strupen: kostnadene skal kuttast med 10 prosent. Det var opp til forvaltninga å finne best mogleg løysing innan ramma. Valet sto mellom færre tilsette eller mindre plass per tilsett. Løysinga er at dei fram mot 2020 skal passere 50 prosent av arealet til aktivitetsbaserte løysingar, og samtidig redus
Les opprinnelig artikkelFormål. Målet med studieturen var djupdykk i relevant lov og regelverk, samt å hente erfaring frå ein endringsprosess som liknar den vi står framfor med nytt regjeringskvartal. Programmet følgde same malen som vi har hatt suksess med tidlegare: eit besøk på ambassaden for å få eit overblikk over nederlandsk politikk, styresett og organisering av sentralforvaltninga, møte med eit relevant fagorgan og kurs/workshop i relevante reglar i arbeidsmiljølova og tjenestemannslova. Denne gongen fekk vi dessverre ikkje til møte med nederlandsk fagrørsle, noko som var eit stort sakn.