AddToAny

FÔRING FOR AUKA FEITTPROSENT I MJØLKA

FÔRING FOR AUKA FEITTPROSENT I MJØLKA
Tine auka betalinga for mjølkefeitt med eitt øre per tidels prosent frå 1.januar. Med tøffe forhold for mjølkeproduksjonen i år så bør auke i feittprosent vere eit aktuelt tiltak for å få inn ekstra kroner.
Feittbetalinga er no oppe i 9 øre per liter, medan betalinga for protein gjekk ned til 5 øre per liter. Basisprisen gjekk ned med 2 øre per liter. Sjølv om mjølkevolumet skal ned vil det altså vere behov for mjølkefeitt. Berre ein liten del av mjølka som blir produsert blir vidareseld som heil mjølk. For få best mogleg lønsemd i meieriproduksjonen er det viktig at samansetjinga av mjølka samsvarar med etterspørselen etter ulike fraksjoner som feitt og protein. Gjennom fôringa er det mange som har potensial for å auke feittprosenten i mjølka både på kort og lang sikt. Med 9 øre tillegg per liter mjølk vil ein kunne «investere» inntil 27 000 kr per 100 000 liter levert mjølk for å få 4,30 prosent feitt i staden for 4,00 prosent, dersom mjølkeleveransen og proteinprosenten ikkje blir negativt påverka.

Frå fôr til mjølkefeitt
Ser vi vekk frå mobilisering av kroppsfeitt i denne omgang så er det to fôringsmessige kjelder for feittet i mjølka (figur 1 på side 25): 1. eddiksyre og smørsyre frå mikrobiell nedbryting av karbohydrat i vomma, 2. feitt frå fôret. Innhaldet av feitt i fôret til drøvtyggar er svært avgrensa fordi mikrobane toler feitt dårleg. For mykje feitt i fôret, særleg umetta feitt, vil redusere fordøyinga av fiber (NDF) og fôropptaket. Generelt inneheld gras og grassurfôr lite feitt, men fordi feitt har høg energiverdi så blir feitt tilsett i kraftfôret til høgtytande mjølkekyr. I tillegg vil feitt i fôret, dersom det er av riktig type (til dømes palmitinsyre), kunne auke feittprosenten i mjølka. Det er dermed det første punktet som er viktigast for feittprosenten. I vomma blir karbohydrata i fôret (NDF, stivelse og sukker) omdanna til eddiksyre, smørsyre og propionsyre (flyktige feittsyrer). Generelt blir gjæringa dominert av eddiksyre, som utgjer 50-70 prosent av dei flyktige feittsyrene . Eddiksyre kjem i hovudsak frå nedbrytinga av fiber (NDF). Propionsyre kjem frå nedbryting av stive
Gå til mediet

Flere saker fra BUSKAP

Anders Kringli vokste opp på gården og tok over drifta i 2021. Han jobber fulltid som tannlege ved siden av gården. Foreldrene er pensjonister, men bor fortsatt på gården og hjelper til.
BUSKAP 02.04.2026
Randi Therese Garmo Spesialrådgiver/ veterinær i Tine randi.therese.garmo@tine.no Det er ikkje heilt svart-kvitt når det gjeld tilgjengelegheit hjå dyret på mineral og vitamin, sjå figur.
BUSKAP 02.04.2026
Fagsjef i Tine Rådgiving john.flottum@tine.no
BUSKAP 02.04.2026
Begge avlsforskere i Geno Vi har tatt ut statistikk som viser hvordan de genotypede dyrene fordeler seg per fylke i 2025 pr. 5. desember. Trøndelag på toppen
BUSKAP 02.04.2026
Statistikken fra Animalia pr. 26. november i år underbygger at det er mye å hente på å fôre fram krysningskalver sammenlignet med ren NRF.
BUSKAP 02.04.2026

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt