Mens Seeger stod på barrikadane, gjekk landbruket gjennom eit kraftig løft. Slåmaskiner, traktorar og skurtreskarar gjorde det lettare å utnytte kvar flekk med dyrkbar jord. Slik vart det stadig lengre mellom duvande enger og rufsete skogholt. Ny forsking tyder på at landbruket har forsynt seg for kraftig av matfatet til dei livsviktige, men sårbare biene. 22 blomsterartar står for 90 prosent av nektaren - og berre fire blomsterartar står for halvparten.
Feltarbeid på dyrka mark. Slike område har færrast blomster av alle stadene biene ferdast. Forskarane trur industrialiseringa av landbruket kan vere ein av grunnane til at det vart mindre nektar i Storbritannia mellom 1930 og 1978. (Foto: Mathilde Baude)
Forskarane som har kartlagt kor mykje nektar som finst i heile Storbritannia, vart overraska over kor få blomsterartar biene får maten sin frå.
- At såpass få blomsterartar står for halvparten av all nektar, inneber ein stor risiko for biene, seier Mark Gillespie ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, som var med på prosjektet.
Timinga kan bli feil
Nektar er for bier det brødskiva er for nordmenn. Men sjølv ein brø