Våren 2016 var dei siste studentane på utanlandsopphald arrangert i samarbeid mellom statlige universitet og høgskular og eksterne aktørar i utlandet, såkalla badestudier.
- Departementet har lagt til grunn at samarbeid med private aktørar om studier i utlandet ikkje er ei oppgåve for statlege høgare utdanningsinstitusjonar, seier statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet.
Difor har Go Study og Gateway College nå i staden samarbeid med utdanningsinstitusjonar i landa dei opererer. Studentane får framleis støtte av Lånekassa.
Har mista studentar
Gateway hadde tidligare studentar blant anna på Bali. No er studietilbodet der lagt ned og selskapet har berre igjen studentar i Cape Town, Los Angels, Paris og New York.
- Vi har no i underkant av 100 studentar. Dette er ei halvering i forhold til før endringane kom inn, fortel styreleiar i Gateway Education, Petter Sørum.
Han tykkjer det er trist at norske studentar mista ei moglegheit til å kome seg ut i verda.
- Ikkje alle er klare til å innrulleras som internasjonale studentar ved ein lokal skule. Og ikkje alle land har program som går på engelsk ell


































































































