Det er slett ikkje uvanleg at det er usemje om korleis saker blir vinkla og/eller presenterte i avisene, heller ikkje kva slags saker som blir prioriterte. Det er også eit velkjend fenomen at nokon skyt på bodbringaren, og det er heilt i orden. Khrono toler det, og det er ein del av det å vere ei redaktørstyrt avis.
For å vere konkret har Khrono, og avisas medarbeidarar, møtt kritikk fordi vi har omtalt ein rapport frå Forskingsetisk utval ved Nord universitet som konkluderer med at «det ikke finnes dokumentasjon på at forskingssetiske sider er vurdert» i Andreas Ribe-Nyhus' doktorgradsprosjekt «Indre og ytre soning».
Ribe-Nyhus tok doktorgraden på si eiga drapshandling. Han skreiv avhandlinga medan han sona ein dom på 14 år etter å ha drepe sin eks-sambuar med øks. Ribe-Nyhus blei funnen skuldig i to rettsinstansar.
I eit debattinnlegg, etter at saka var publisert, kjem Ribe-Nyhus med sterke påstandar om dekninga i Khrono av doktorgradsarbeidet hans ved Nord universitet. Også i eit innlegg frå Ribe-Nyhus' førsteopponent til disputasen, professor emerita Hedda Giertsen, blir det sett fram påstandar og alvorlege karakteristikkar retta mot Khronos journalist i saka.
Khrono har ikkje på noko tidspunkt forsøkt å kneble Andreas Ribe-Nyhus.
Tove Lie, redaktør
I det første innlegget sitt gir Ribe-Nyhus uttrykk for at han er blitt utsett for «harde og grove anklager», hersketeknikkar, maktarroganse, stigmatisering, sensasjonsjournalistikk, skandalisering og forsøk p