Diabetesforum
21.06.2022
Kva erfaring har eldre med å bruke CGM-teknologien, og klarer de å handtere den? Ein systematisk litteraturgjennomgang førte fram til fem relevante forskingsartiklar. Funnene viser blant anna at det er behov for meir forsking.
Allereie på 1990-talet kom kontinuerleg glukosemålar (CGM) på marknaden. Dette er eit teknologisk hjelpemiddel til personar med diabetes, som er aukande i bruk og stadig under utvikling (1). Ved bruk av ein sensor som festast på armen, målast vevsglukose kontinuerleg utan at brukaren må stikke seg i fingeren. Apparatet gjer frå seg alarmar når blodsukkeret stig eller fell utanfor førehandsdefinerte grenser, og på den måten bidreg det blant anna til å oppdage og førebygge episodar med hypo- og hyperglykemi. For at personen med diabetes skal oppleve at bruk av CGM gjer optimal nytte, krevst det tilstrekkeleg opplæring og oppfølging (2).
Ein stor prosentdel av dei som har diabetes er eldre. Sjukdommen stiller store krav til eigenoppfølging, noko som kan vere vanskeleg for eldre personar med sviktande fysisk helse og kognitiv funksjon. Mange eldre er difor avhengig av hjelp frå pårørande eller heimetenesta til mellom anna handtering av medisinar og oppfølging av blodsukker.
Sjølv om eldre har rett på helse- og omsorgshjelp på lik linje med yngre personar, så er CGM førebels lite brukt blant eldre i Noreg (3). Behandlingsmåla i nasjonale retningslinjer for diabetes type 1 viser til at mange kan ha nytte av CGM dersom dei brukar insulin og har behov for mange blodsukkermålingar, men dei norske retningslinjene omtaler ikkje eldre spesielt (4). The American Diabetes Association (ADA) anbefalar at eldre blir vurdert enkeltvis for vurdering av nytteverdien av CGM (5). Lite bruk av CGM til eldre har truleg mange årsaker, men ei viktig årsak er antagelig usikkerhet rundt korleis teknologien skal handterast; om den eldre er i stand til å handtere dette sjølv, og korleis det skal handterast dersom den eldre er avhengig av hjelp frå andre.
Nytta av CGM i forhald til betre blodsukkerkontroll og færre episodar med hyper- og hypoglykemi er godt dokumentert i litteraturen (6-8). For å vurdere potensiell nytte hos eldre, er det nødvendig med ei meir heilheitleg vurdering, inkludert korleis bruk av CGM fungerar i praksis for eldre med diabetes.
? Kva erfaring har eldre med å bruke teknologien?
? Klarer eldre å handtere alarmar, sensor og problem som kan oppstå?
? Har eldre brukarar fått tilstrekkeleg med opplæring og oppfølging, eller er dei avhengig av hjelp frå andre for at CGM skal ha ein nytteverdi?
? Korleis fungerer det dersom heimesjukepleia har ansvaret for oppfølging av behandling av diabetes hos den eldre heimebuande pasienten?
Funna som presenterast her er resultatet av ein systematisk litteraturgjennomgang, som
Gå til medietEin stor prosentdel av dei som har diabetes er eldre. Sjukdommen stiller store krav til eigenoppfølging, noko som kan vere vanskeleg for eldre personar med sviktande fysisk helse og kognitiv funksjon. Mange eldre er difor avhengig av hjelp frå pårørande eller heimetenesta til mellom anna handtering av medisinar og oppfølging av blodsukker.