AddToAny

Er det OK å gjere OK?

Det vart løfta eit par augebryn då amerikanske Anti Defamation League la til handgesten for OK i lista over hatsymbol, men korleis skal ein reagere på at høgreekstreme troll tek råderetten over vanlege symbol og gestar?
Anti Defamation League (ADL) har som mål å avdekke antisemittisme og rasisme i USA, og fører oversikter over menneske, grupper, symbol og fenomen som vert knytt til hat og fordommar. I år valde dei. Å føre tommel og peikefinger til å danne ein sirkel med dei resterande fingrane sprikande, har tradisjonelt signalisert «OK», «okay», «det er greitt», «det er i orden» eller rett og slett «ja». Innan yoga, med samla fingre, er det kjend som. Gesten har òg vore nytta sidan 1980 i det såkalla «circle game», der ein gjer gesten under beltestaden for å lokke blikket ned mot skrittet. Den som fell for det kan då så klart verte straffa - med ein knuff eller liknande. Ein leik med klare homofobiske trekk, men som ikkje er knytt til rasisme og kvit makt og som bidrar til å gjere bilete desto meir uklart.

I seg sjølv er OK-gesten harmlaus, men ADL har funne grunn til å liste henne som hatsymbol. Fingrane dannar ikkje lenger berre bokstavane O og K, men W og P for «White Power», kvit makt. Eller det står for noko så enkelt som «It's OK to be white», det er lov å vere kvit, eit slagord som speler på ytre høgre-forteljinga om at kvite er utsette og forfølgde.

Fleire personar på ytre høgre fløy har nytta det som eit diskré hint til sitt publikum, medan andre har gjort det for å kødde. Og kven kan seie kva som er kva? Korleis skal vi tolke det når Brenton Tarrant vert stilt for retten for masseskytinga i Christchurch og syner OK-gesten - det er ei form for trolling, ja, men kva ligg bak?

ADL går i fella

Det byrja i februar 2017, då ein brukar på nettstaden 4chan foreslo at dei skulle bombardere twitter med påstanden om at det var ein rasistisk gest, med hashtags som #NotOkay og #PowerHandPrivilege. Dette skulle vere «Operation O-KKK». Brukaren fekk med seg fleire. Ikkje minst fordi dei ville sjå om dei kunne hjelpe venstresida til å. Ei openberr felle, men kanskje litt for freistande for mange som ønskjer å posisjonere seg som antirasistar.

God gamaldags trolling inneber gjerne at ein prøver å få offeret til å reagere med å seie eller gjere noko dumt, å få offeret til å syna seg som eit latterl

Les mer

Flere saker fra Fri tanke

HVORDAN TA OPP NOE VANSKELIG?
Fri tanke 14.02.2024
Når verden brenner og barn blir drept, er det vanskelig å føle nok omtanke for alle som trenger det. Hvordan klare å holde fast på denne mest menneskelige egenskapen?
Fri tanke 14.02.2024
- Hvis de bestemmer seg for å gjøre en demon ut av deg så greier de det, sier humanisten Gáspár Békés. Til slutt måtte han flytte utenlands.
Fri tanke 14.02.2024
Den som utforsker kvinnehelse generelt - og kvinners menopause spesielt - kommer fort til følgende konklusjon:
Fri tanke 14.02.2024
Det mest overraskende du kan si på internett er antagelig ikke «fitte» eller «idiot», men «jeg håper det går bra med deg?».
Fri tanke 14.02.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt