Gong på gong går media ut med kor fæl eldreomsorgen i Noreg er. Gong på gong kjenner eg det stikk i sjukepleiarstudenthjartet.
Privat
Eg for min del har heilt sidan eg bestemte meg for å verta sjukepleiar vore klar på at det er eldreomsorgen eg vil jobba i.
Eg føler at å setta alle i same bås er riktig uttrykk for korleis media presenterer eldreomsorgen i Noreg.
Opptil fleire gongar i veka kjem media ut med saker om kor dårleg eldreomsorgen i Noreg er, og ein får inntrykk av at ingen eldre har det godt i eldreomsorgen. Det er sjølvsagt mykje som må endrast på, men slik vil det alltid vera. Det kjem alltid krav om endringar, samtidig som det vil vera eit større og større krav om kompetanse og tilbod. Er det ikkje på tide at eldreomsorgen får nokon godord i media?
* Her står byråden i puben på et kommunalt sykehjem
Det vert sagt at det er alt for få nyutdanna sjukepleiarar som ynskjer å jobba i eldreomsorgen. Ein ynskjer heile vegen å rekruttera til denne delen av helsevesenet, men kor lett er dette når media går ut med nye saker minst ein gong i veka? Det er flott at eldreomsorgen får fokus i media, men når det berre kjem fram negative hendingar, verkar det mot si hensikt - gjer det ikkje? Eg skjønar godt at det kan verka lite freistande å byrja å jobba i eldreomsorgen, når det vert fokusert på så mykje negativt - så ofte.
* - Private


































































































